Hopp til innhold

Brukar stadig meir tid i barnehagen

Stadig fleire av ungane som går i barnehagen er der lenger enn 40 timar i veka.

Barnehage

MEIR TID: Stadig fleire av ungane som går i barnehagen er her i over 40 timar kvar veke.

Foto: Illustrasjonsbilde: Colourbox.com

Landet sett under eitt går ni av ti born full veke i barnehagen, det vil seie over førti timar. Frå 2008 til 2012 har talet born som har heiltidsplass gått opp frå 83 til 90 prosent.

I Oslo er det heile 98 prosent av barna i barnehage som har fulltidsplass, medan tala for Oppland i andre enden av skalaen er 72 prosent.

Har gått opp 22 prosent

Sogn og Fjordane er eitt av fylka som prosentvis har færrast ungar med heiltidsplass i barnehagen. Men også her går tala opp.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser at talet ungar som går over førti timar i barnehagen i veka har gått opp 22 prosent dei siste fire åra.

I Eid har ikkje kommunalsjefen merka at mange timar i barnehagen har hatt noko dårleg effekt på barna.

– Alt kan jo vere negativt om ein dreg alt i ytste konsekvens, men vi ser ikkje tendensar til at barna ikkje har godt av det, seier kommunalsjef for opplæring, Harald Sivertsen.

Fire av fem

Stadig fleire av ungane i Norge brukar meir tid i barnehagen.

Slik er det også i Sogn og Fjordane. Dei siste fire åra har talet barn som er lenger enn førti timar i barnehagen per veke gått opp frå 67 prosent til 82 prosent. Det vil seie at fire av fem barnehagebarn har full plass.

I Eid trur kommunalsjefen at årsaka er at dei fleste kommunar no har full barnehagedekning, og at fleire foreldre difor vel å ha ungane i barnehagen i 100 prosent.

– Hovudgrunnen er vel at i mange familiar jobbar begge foreldra, og der det er ein forelder med inntekt, er ein avhengig av den inntekta. Då må barna vere mange timar i barnehagen, seier Sivertsen.

– Viktig med gode vaksne

Forsking gjort av Folkehelseinstituttet har vist at lang tid i barnehagen ikkje har noko dårleg effekt på barna.

Men for at det skal fungere må det vere gode tilsette, med pedagogisk utdanning, meiner Sivertsen.

– Det er veldig viktig for barna. Vi ser at om det er godt tilrettelagt i barnehagane med pedagogisk opplegg på språk og motorikk vil det hjelpe barna heile livet, seier Sivertsen.

Vil heve statusen til yrket

I hans kommune har alle dei pedagogiske leiarane ei godkjent utdanning, men slik er det ikkje alle stader.

På landsbasis manglar det over 4000 med førskulelærarutdanning,

Torill Karlsen er fylkesstyremedlem i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane. Ho er ikkje nøgd med den statistikken.

Karlsen trur yrket som førskulelærar må få høgare status, slik at fleire vel å jobbe med den oppveksande generasjonen.

– Det er viktig at vi utdannar nok førskulelærarar. Samtidig må vi jobbe for å heve statusen for dette yrket slik at det blir attraktivt for fleire. Slik kan vi sikre kvalitet i barnehagen, seier Karlsen.

Born med heiltidsplass i barnehage (tal frå 2012)

Kommune

Andel born med heiltidsplass

Oslo

98%

Akershus

97%

Svalbard

94%

Troms

94%

Vestfold

94%

Finnmark

93%

Hordaland

93%

Nordland

92%

Østfold

92%

Rogaland

91%

Nasjonalt

90%

Sør-Trøndelag

89%

Buskerud

89%

Møre og Romsdal

86%

Nord-Trøndelag

84%

Sogn og Fjordane

82%

Telemark

81%

Hedmark

80%

Aust-Agder

78%

Vest-Agder

77%

Oppland

72%

Ekspander/minimer faktaboks