Hopp til innhold

Brukar sommarferien på teknoleir

FØRDE: Midt i sommarferien brukar denne gjengen ei veke på å bygga kvar sin elektriske modellbil. Målet er å få eit betre grunnlag når dei skal velja yrke.

Teknologileir i Førde

SOMMARLEIR I KLASSEROMMET: Martin Kriken (t.h.) jobbar med å gjera modellbilen sin ferdig.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Me har brukt forskjellig programvare til å teikna og laga dette, og me har 3D-printa deler. No limer eg saman bilen min.

Martin Kriken (14) frå Førde er ein av dei ni ungdomane som denne veka brukar dagane på sveising, 3D-teikning, laserskjering, skruing, spikring, lodding, kjemi, programmering og mykje meir. Han deltek på teknologileir i regi av Opplæringskontoret for industri- og teknologifag.

– Eg er interessert i teknologi, og skal begynna på vidaregåande neste haust. Då er det greitt å finna ut om dette er noko for meg eller ikkje, seier han.

Hjelpemiddel for å velja rett utdanning

Leiren er eit rekrutteringstiltak for å gi ungdomane eit innblikk i kva dei møter i skulen og vidare i yrkeslivet, dersom dei vil gå Teknikk- og industriell produksjon (TIP) når dei skal til på vidaregåande skule.

Espen Kirketeig

INSTRUKTØR: Espen Kirketeig.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Leiren er eit verkemiddel for å rekruttere og gi moglegheita til å velja eller velja vekk TIP-faget. Her får elevar som er på ungdomsskulen, eller skal til på ungdomsskulen, prøva det meste innanfor TIP-faga, seier instruktør Espen Kirketeig.

– Det er like viktig for oss at dei som er litt usikre, på denne leiren finn ut at dette ikkje var noko for dei likevel. Då har dei betre føresetnad for å velja rett utdanning.

For to veker sidan arrangerte dei leir i Solund, denne veka er det Førde og neste veke skal dei til Måløy. Det har vore ledige plassar alle tre stadene, Kirketeig trur nok at tidspunktet å arrangera leiren på ikkje er heilt ideelt.

– Eg trur interessa er til stades, men sommarferien er eit vanskeleg tidspunkt. Me skulle gjerne vore i skulesystemet, til dømes at det kunne vore eit valfag.

Legorobotar

LEIK OG LÆRING: Legorobotar er fine å bruka til å læra programmering, men også til å leika litt med i pausane.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er greitt å kunne laserkutting og slikt

Torsdag ettermiddag var ungdomane inne i siste innspurt på bilane sine, før dei skal til dyst i eit realt kappløp fredag, som avslutning på veka.

– Eg håpar eg vinn. Motoren manglar, og eg må lima litt meir, men så er den ferdig, seier Sara Kirketeig.

Sara Kirketeig

SISTE INNSPURT: Sara Kirketeig limer saman bilen ho har laga denne veka.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Ho skal til på ungdomsskulen til hausten, og er tidleg ute med å få ein forsmak på vidaregåande skule-livet. Men om det blir TIP når ho skal ta det første valet mot sitt framtidige yrke, er litt tidleg å seia sikkert.

– Eg tykkjer det er kjekt å driva med 3D-printing, laserkutting og slikt. Det er greitt å kunna. Kven veit, kanskje eg får bruk for det seinare?

– Blir det teknikk og industriell produksjon på deg om tre år?

– Eg har vurdert det, men eg veit ikkje heilt. Eg får sjå.