Hopp til innhold

Samlar barn i håp om fred i framtida

KAUPANGER (NRK): Venskapsband blir knytt på tvers av landegrenser i håp om ei fredelegare verd i framtida.

MORO PÅ LEIR: Frå venstre: Rajveer Dua (India), Keyaan Shah (India) og Anna Bodin (Noreg).

– No kjenner me kvarandre sin kultur, og då forstår me handlingane til kvarandre betre. Om nokon av oss blir president seinare i livet, kan me løysa konfliktar og forstå folk frå heile verda betre, seier Keyaan Shah frå India.

48 barn frå 12 ulike land er samla på Kaupanger i Sogn denne sommaren. Dei deltek på ein fire veker lang fredsleir i regi av CISV (Children in Summer Villages).

CISV-leir på Kaupanger

FELLESSKAP: Barna er samla til aktivitetar kvar dag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Fred gjennom venskap

Keyaan Shah (11) har reist 6000 kilometer frå heimlandet India for å bruka sommaren i lag med jamaldrande gutar og jenter.

– Det er fantastisk! Eg har fått ein ven frå USA, som er heilt på andre sida av jorda!

CISV er ein internasjonal fredsorganisasjon som vart stifta i 1951, og er politisk og religiøs uavhengig.

Gjennom leik, aktivitetar, oppgåver og utflukter knyter dei nære band på tvers av landegrenser og religion.

Walther Halrynjo Stenehjem

LEIRSJEF: Walther Halrynjo Stenehjem

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Førmålet er å bygga fred gjennom venskap. Då samlar me folk frå ulike kulturar for å oppdaga saman at me er meir like enn ulike. Då byggjer me vennskapsbruer som framtida kan ha godt nytte av, seier Walther Halrynjo Stenehjem, som er leirsjef.

– For mykje krangling og krig i verda

Til dømes India og Pakistan. Tenkt om dei hadde vore med på denne leiren, så kunne me laga fred.

– Eg ville bli meir sosial, og få vita meir om andre frå andre land. Mamma var på ein slik leir då ho var ung, og ho hugsar framleis alt. Så eg håpar det blir slik for meg også, seier Haya Salehi frå Jordan.

– Eg trur verda blir ein betre stad med slike leirar. Her kjem folk frå heile verda saman og blir vener, seier Joseph Ross frå USA.

– Det har vore alt for mykje krangling mellom India og Pakistan. Tenk om dei som bestemmer kunne vore på denne leiren, så kunne dei skapt fred, seier Keyaan Shah frå India.

CISV-leir på Kaupanger

BLITT GODE VENER: frå venstre: Ahana Kanoi (India), Haya Salehi (Jordan) og Jenna Shawwa (Jordan).

Foto: Sondre Dalaker / NRK