Hopp til innhold

Brukar sms for å varsle om tjuvar

Amfi Sogndal har i haust tatt i bruk eit nytt våpen i kampen mot butikktjuveri.

Amfi Sogningen

STOPPAR TJUVEN: Tar i bruk nye metodar for å varsle kvarandre om butikktjuvar.

Foto: Wilhelm Tangerud

– Vi har sett i gang eit nytt prosjekt som vi tykkjer er veldig spanande, seier senterleiar Wilhelm Tangerud.

Dei siste tre månadane har butikkane i Amfi Sogndal varsla kvarandre på sms eller mail dersom dei har mistanke om at det kan vere butikktjuvar på ferde.

God effekt

Så langt meiner senterleiar den nye varslingsmetoden har vore svært effektiv.

Wilhelm Tangerud

BRUKAR SMS I KAMPEN MOT BUTIKKTJUVAR: Wilhelm Tangerud er senterleiar ved Amfi Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– I samband med Black Friday oppdaga vi nokre som såg ut til å ikkje ha heilt reint mjøl i posen. Butikkane vart varsla, og etter kvar så forlèt dei butikksenteret med uforretta sak fordi dei merka at alle butikkane følgde dei nøye.

– Er butikktjuveri eit stor problem?

– Eg vil ikkje seie det er stort, men det skjer og butikktjuvane er i alle aldersgrupper, seier Tangerud.

Høgsesong

Desember er høgsesong for handel. Diverre er det også høgsesong for dei som prøver å utnytte at butikkpersonalet er travelt opptekne, og butikkane er fulle av handlelystne.

– Det er ikkje så lett å vere observant når det er mange i butikkane, og mykje som skjer. Vi ser jo det at det er fleire som blir tatt i desember månad enn elles, og det fortel oss at det nok og er fleire som stel.

Ideen til varslingstenesta fekk han i eit møte butikksjefane i senteret, der dei diskuterte korleis dei kunne betre varslingsrutinane ved til dømes butikktjuveri, men og ting som vasslekkasjar og anna.

– Vi har berre drive med dette i tre månader, men har allereie sett at det verkar bra. Så dette er noko eg vil anbefale for andre også, seier Tangerud.