Hopp til innhold

Brukar smekkfulle varebilar for å lure seg unna

Stadig oftare fakkar Vegvesenet varebilar som er lasta mykje tyngre enn det som er lovleg. Dei trur lastebilsjåførar går over til å bruke varebilar for å sleppe unna krav om søvn og kvile.

Overlast varebil

OVERLASTA BILER: Dette er eit døme på ein varebil som Vegvesenet har sotgga med overlast. Varebilane er ikkje bygde for å frakte like mykje som ein lastebil, men brukt fordi ein med slike bilar ikkje treng å kvile like mykje som når ein køyrer lastebilar.

Foto: Statens vegvesen

– Vi ser at førarane gjer dette med viten og vilje, dei pakkar varebilar fulle og køyrer med ein mykje større last enn dei er laga for å tole, seier Tormod Gausdal i Statens vegvesen.

Både i dag og i går har Vegvesenet stogga varebilar med overlast på kontrollposten deira på Håbakken i Lærdal.

– Ein av bilane vi stogga køyrde rett forbi kontrollen, sjølv om vi vinka han inn. Då vi fekk stoppa han, forklarte han at han ikkje kjente til reglane for overlast, men vi fann ut at han vart stogga for det same for ni dagar sidan, så det var nok ikkje heilt framand for han, seier Gausdal.

Les også: På denne kontrollposten har Vegvesenet eit stort problem.

Kan skape farlege situasjonar

Vegvesenet seier at nokre av varebilane som no frakter tunge varer på vegane, ikkje er bygde for å ha tung last i det heile teke.

Gausdal tykkjer det er ille at enkelt lastebilsjåførar tek i bruk nye metodar for å bryte reglane.

– Det går sjølvsagt utover trafikktryggleiken, men det er også sterkt konkurransevridande. For dei som er seriøse og gjer som reglane seier, blir dette ei ulempe, forklarer Gausdal.

Tormod Gausdal

LIKAR DET IKKJE: Tormod Gausdal i Statens vegvesen seier at dei ikkje likar utviklinga der dei stadig oftare tek varebilar med stor overlast.

Foto: Rune Fossum / NRK

Og kommunikasjonsrådgjevar i lastebileigarforbundet Stein Inge Stølen seier at dei kjenner til problemet.

– Kvar dag ser lastebilsjåførar varebilar som fraktar varer som dei ikkje burde, og som ikkje følgjer reglane for kvile og søvn. Det er klart det er frustrerande å sjå.

Han vil likevel presisere at dei alle fleste aktørane ikkje bryt reglane på denne måten.

– Det her er tale om useriøse aktørar. Det skapar farlege situasjonar når dei ikkje følgjer kvilereglane, og det er surt for konkurrentane at dei useriøse aktørane frakter varer som dei kunne ha frakta sjølve.

Stein Inge Stølen

KJENNER TIL PROBLEMET: Kommunikasjonsrådgjevar Stein Inge Stølen seier at lastebileigarforbundet kjenner til at nokre brukar overlasta varebilar for å sleppe unna reglane for søvn og kvile.

Foto: Norges Lastebileier-Forbund

Vil ha internasjonal kartlegging

Stølen fortel at Lastebileigarforbundet nett no arbeider med å finne ut av kor stort dette problem eigentleg er.

– I samband med at Vegvesenet har sett fokus på dette her, ønskjer vi å få til ei internasjonal kartlegging. Vi må finne ut kor mange varebilar det er som gjer lastebiljobb over dei europeiske grensene.

Gausdal i Vegvesenet seier at dei vil halde fram for å forsøke å få bukt med problemet på norske vegar.

– Dette er allereie strengt regulert, og vi kjem nok til å ha endå fleire kontrollar i tida framover for å ta dei som bryt reglane.