NRK Meny
Normal

Brukar kommunereforma som brekkstong

Regjeringa blir rent ned av kommunar som brukar kommunereforma som brekkstong for å få på plass ny bru eller tunnel. Men regjeringa vil ikkje love noko.

Anda-Lote

BRU: På begge sider av Nordfjorden jobbar kommunane for at ferja mellom Anda-Lote skal bli erstatta med bru. Fleire kommunar brukar kommunereforma for å få det som dei vil.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Jardar Jensen er statssekretær i Kommunaldepartementet, og det er dei som styrer regjeringa sitt arbeid for å få færre og større kommunar i landet.

Jardar Jensen

INGEN AUTOMATIKK: Understrekar Jardar Jensen som er statssekretær i Kommunaldepartementet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
Alfred Bjørlo (V) under fylkestinget i Førde 12. mai 2013.

SAMFERDSLE: Alfred Bjørlo meiner samferdsleutbygging kan leggje til rette for storkommunar, og meiner regjeringa difor må prioritere det.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Statssekretæren legg ikkje skjul på at dei blir kontakta av kommunar landet rundt, der politikarane ser kommunereforma som ei brekkstong for å få på plass tunnelen eller brua dei har kjempa for i årevis.

Men kommunar som slår seg saman, vil ikkje automatisk få prioritet i neste Nasjonal Transportplan, NTP, slår Jensen fast.

– Ei samanslåing i seg sjølv fører ikkje til at ein får eit prosjekt prioritert i NTP. Men det er klart vi vil sjå til dei nye kommunegrensene når den blir utarbeidd, seier Jensen.

– Må prioritere dette

Også i Sogn og Fjordane håpar politikarane at kommunesamanslåinga skal få fart på samferdsleutbygginga.

I Sogn står til dømes det vêrutsette Vikafjellet i vegen for at Vik skal kunne slå seg saman med nabokommunane i sør.

I Nordfjord har både Gloppen og Eid vedteke å slå seg saman dersom det kjem ei bru som erstattar ferja mellom Anda og Lote.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner regjeringa må prioritere vegar, bruker og tunnelar som kan byggje større bu- og arbeidsmarknadsregionar, som igjen kan leggje til rette for storkommunar i framtida.

– Dette er spesielt relevant på Nordvestlandet. Transportøkonomisk institutt har laga ein rapport som viser at potensialet for å bruke samferdsle som verkemiddel for regionforstørring er størst i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Nordfjord og Sunnmøre-regionen er eit veldig godt eksempel på det, seier Bjørlo.

– Eg forstår den argumentasjonen, seier Jensen i departementet og held fram.

– Men vi ønskjer ikkje binde opp det enkelte prosjekt, difor gir vi heller ei reformstøtte, ei rein kronestøtte som kommunane sjølve kan bruke til det dei meiner er naturleg å bruke pengane på, seier han.