Hopp til innhold

Stor auke dei siste åra – brukar 150 millionar på administrasjon

Fylkeskommunen brukar nær 150 millionar årleg berre på administrasjon. Skal vi tru Statistisk sentralbyrå, er fylket no det suverent tyngst administrerte i landet.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

STOR AUKE: Fylkeskommunen brukar nær 150 millionar kroner på administrasjon – auken har vore voldsom dei siste åra.

Foto: Arild Nybø / NRK

Det inneber mindre til andre føremål. Ved Firda vidaregåande skule forsvinn utdanningsliner som følgje av politikarane sine prioriteringar.

Oline Birgitte Nave og Åsmud Eikenæs

TYKKJER DET ER SYND: Elevane Oline Birgitte Nave og Åsmud Eikenæs tykkjer det er synd at medielinja blir lagt ned.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Spente medieelevar ventar på munnleg tentamen ved Firda vidaregåande skule. Men dei er blant dei siste elevane som går på medium og kommunikasjonslina her. Fylkespolitikarane tek vekk tilbodet for å spare pengar.

Elevane Oline Birgitte Nave og Åsmud Eikenæs meiner det er synd at tilbodet forsvinn.

– Det er ei veldig god linje som har blitt utvikla over tid og som har blitt betre og betre, seier dei.

Vedtok framtidig kutt

Jenny Følling

VIL FØLGJE MED: Jenny Følling (Sp) seier dei skal følgje med på om administrasjonen er på rett nivå.

Foto: Alf Vidar Snæland

Det fylkeskommunen derimot har råd til, er 180 byråkratisk tilsette på Hermansverk og i Førde. Utgiftene til administrasjon ligg på vel 154 millionar kroner for 2012 som er siste rekneskapsår. Rekneskapane viser ein voldsom auke dei siste åra, tilbake i 2007 klarte byråkratiet seg med 106 millionar.

Førre veke vedtok Fylkestinget budsjettet for neste år. Då vedtok også politikarane framtidige kutt i administrasjonen. Gruppeleiar for Senterpartiet, Jenny Følling, ser at det kan vere gode grunnar til det.

– Administrasjonen skal sikre at vi har god kvalitet på tilbodet, og så er det viktig å sjå at vi har rett nivå på det. Det kjem vi til å følgje med på framover, seier ho.

Trur ikkje tala er rette

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TRUR TALA ER FEIL: Vi jobbar med å få gjort opp rekneskapen for 2013 heilt rett i forhold til Kostra, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I fylgje Statistisk sentralbyrå sitt Kostra verktøy som nyttast til å samanlikne fylkeskommunane og kommunane i Norge, er fylket det suverent tyngst administrerte i landet med 1417 kroner per innbyggar. Samanlikna med til dømes Hedmark, skulle fylket kunne spare 50 millionar på administrasjon. Hedmark nøyer seg med 912 kroner per innbyggar.

Til samanlikning: Då fylkesadministrasjonen la Stryn vidaregåande skule på slaktebenken var det for å spare 16 millionar kroner.

Men fylkesrådmann Tore Eriksen vil ikkje gå god for tala.

– Desse tala er nok ikkje rette. Dei ligg i rekneskapen vår for 2012, men den rekneskapen har ført langt større utgifter på administrasjon enn det som er rett.

Eriksen seier ulike rekneskapssystem til ulike tider, og feil ved innrapportering til Kostra har gitt uheldige utslag, no ynskjer dei å rydde opp.

– Vi jobbar med å få gjort opp rekneskapen for 2013 heilt rett i forhold til Kostra. Får vi det på plass, så ligg det godt til rette for at ein kan gjere samanlikningar. Det vi veit, er at vi held dei budsjettrammene som fylkestinget vedtek, seier han.

Stolar ikkje heilt på politikarane

Det siste året har fylkeskommunen lagt ned vidaregåande skular og krangla om prioriteringane på vegsida. Men ingen har dei siste åra etterlyst ein tilsvarande grundig gjennomgang av fylkeskommunen sin omfangsrike administrasjon.

Ved Firda vidaregåande skule stolar ikkje elevane på at politikarane tek spørsmålet på alvor.

– Eg trur dei har gjort dårlege prioriteringar, spesielt med tanke på at dei har brukt mykje pengar i eigen administrasjon, seier elev Åsmud Eikenæs.