- Eg tenkjer på dei elevane som ikkje får allmenfagtilbodet i Måløy, og elevane i Årdal som mista ein klasse fordi ein ikkje hadde pengar til det. Derfor bør ein revurdere avtaler som er så dyre, seier Mowatt.
Fem-seks millionar
Mellom femti og seksti elevar frå Gulen i ytre Sogn går på vidaregåande skule i Hordaland, fordi dei då kan bu heime. Den såkalla Hordalandsavtalen kostar Sogn og Fjordane fylke mellom fem og seks millionar kroner.
Ifølgje Mowatt kunne vi for same prisen fått sju allmennfagklassar i eige fylke. Og sånn kunne elevar i Måløy og Årdal sleppe å bli hybelbuarar. Derfor blir Mowatt provosert når han veit at nokre av elevane i Gulen, trass millionavtalen vel å flytte til Knarvik på hybel.
- For Arbeidapartiet er det uakseptabelt at vi brukar så mykje pengar på elevar ein plass i fylket, når det går ut over elevar andre plassar.
Reagerer sterkt
Helge Pedersen frå Byrknesøy i Gulen er far til to ungdommar. Han fortvilar over kritikken frå Mowatt:
- Eg reagerer sterkt på det. Vi har etter mykje kamp og strid på 90-talet fått ein avtale som gjer det mogleg for elevane å bu heime og gå på Austrheim skule.
- Men stemmer det ikkje at mange av elevane bur på hybel i staden for å bu heime?
-Jau, men det er fordi reisetida er så lang at det er vanskeleg for dei å reise kvar dag, seier Pedersen. Han vil ikkje ofre tilbodet for Gulen-elevane for at elevar andre stader i fylket skal få eit tilbod.