NRK Meny
Normal

Brukar ikkje nynorskversjon

Tilsette ved store arbeidsplassar som NAV Sogn og Fjordane og Helse Vest har berre tilgang til bokmålsversjonen av det mest brukte programmet på norske datamaskiner.

Helse Vest

Det skjer trass i at ein gratis nynorskversjon har vore tilgjengeleg sidan 2003.

- Ekstraarbeid

Erik M.Hansen, administrerande direktør i Helse Vest IKT meiner det vil påføre dei ekstraarbeid å bruke nynorskversjonen.

- I dag har vi standard office-produkta i bokmålsversjon på alle dei 14.000 pc-ane i Helse Vest.

Tilgjengeleg i fem år

Fleire store arbeidsplassar i nynorskfylket Sogn og Fjordane har ikkje tatt i bruk nynorskversjonen av dataprogrammet Office, trass i at ein gratisversjon har vore tilgjengeleg i fem år. Ein ringerunde viser at i tillegg til Helse Vest har NAV Sogn og Fjordane og Førde kommune bokmålsversjonen som oppsett.

- Må ta ansvar

Hege Myklebust
Foto: Noregs Mållag

Ein nynorskversjon av dataprogrammet var ei fanesak for Noregs Mållag, og leiar Hege Myklebust meiner arbeidsgjevarar må ta sitt ansvar.

- Eg synest det er litt underleg at dei store offentlege arbeidsplassane i typiske nynorskområde ikkje vel å bruke nynorskversjonen. Både vi og andre nynorskbrukarar har klaga på at det ikkje har vore tilgjengeleg programvare. Så når det no er tilgjengeleg på nynorsk så er det merkeleg at det ikkje blir teke i bruk.

- Viktig for språkkjensla

Myklebust meiner ein nynorsk versjon er viktig for språkkjensla til dei tilsette og naturleg når ein nyttar nynorsk i arbeidet.

- Det er ikkje sikkert at dei somhar dataansvaret samstundes har det språklege medvetet, så dei må kanskje få beskjed om at dette skal vi bruke her.


- Teknisk mogeleg, men...

Erik M. Hansen seier at eit nynorsk oppsett for tilsette i Helse Vest vil føre til ekstra kostnader.

- Det er teknisk mogeleg å sette det opp med nynorsk, men det ville gitt oss auka kompleksitet og dermed også auka kostnader

Men ifølgje mållaget vil ikkje nynorskversjonen koste anna enn tida det tar å oppgradere den nye utgåva. Hansen meiner likevel dei dekker det viktigaste behovet.

- Ikkje viktig

Hansen meiner likevel dei dekker det viktigaste behovet.

- Det er klart at å gje tilgang til ordlistene oppfattar eg som det viktigaste. Eg oppfattar ikkje desse menyane som så viktige for språkbruken.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå