NRK Meny
Normal

Framleis for mange som ikkje brukar bilbelte

Bruk av bilbelte vert stadig slurva med. Helgas kontrollar over heile landet viser at det framleis er altfor mange som ikkje brukar bilbelte, seier Thorbjørn Thiem rådgjevar for trafikktrygging.

Bilbelte

HUGSA BILBELTET?: Fem prosent av oss tek brukar ikkje bilbelte.

Foto: Colourbox

– Bilbelte er det viktigaste tiltaket for å redde liv når ulukka er ute. Då er det skuffande å få slike resultat, seier rådgjevar for trafikktrygging i Statens vegvesen Thorbjørn Thiem.

I helga blei det skrive ut 79 gebyr for manglande bilbeltebruk i Hordaland og Sogn og Fjordane.

I alt vart 2818 køyretøy kontrollerte her. Kontrollane var ein del av ein landsomfattande aksjon som Statens vegvesen gjennomførte.

Ungdomane flinkare

På landsplan enda kontrollane med at 884 personar fekk 1500 kroner i bot for manglande bilbelte, opplyser Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Kontrollane viser generelt at folk er flinke til å bruke bilbelte, også ungdomane, men så er det nokon som ikkje gjer det. Og det er trasig med tanke på kor stor effekt eit belte har, seier Thiem.

Thiem forklarar at dei har sett ein tendens at ungdomane har blitt flinkare til å bruke belte. Likevel slurvar rundt fem prosent av oss når det kjem til å ta på seg beltet.

– Det kostar jo ingenting. Det er jo berre å ta det på, seier Thiem.

Han seier det difor er rart at så mange ikkje tek på seg beltet.

«To be, or not to be»

– Ut ifrå rapportar vi har så er det eit «to be, or not to be». Er ein ute for ei alvorleg ulykke så er sjansen for å overleve eller sleppe frå det utan skadar mykje større ved bruk av bilbeltet. Vi har mykje kunnskap om kva det vil seie å bruke bilbelte, så då er det rart at folk ikkje brukar det, seier han.

Undersøkingar viser at heile 95 prosent brukar bilbete. Thiem trur det seier noko om dei fem andre og skildrar dei som både ulykkesutsette og at dei ofte er dei som ikkje bryr seg om trafikkreglane.

– Dei er det vanskeleg å nå ut med kunnskap. Her gjeld nok berre ein ting. Kontrollar og høge bøter, seier han.

Større bøter og meir kontroll

Thiem sjølv meiner bøtene skulle vore langt høgare enn det dei er i dag. Blir du teken i kontroll utan bilbelte kostar det deg 1500 kroner, medan du må ut med fleire tusenlappar om du køyrer for fort.

– Men klarar vi å endre åtferda. Så blir dei flinkare på å bruke belte, seier han.

Etter at Statens vegvesen har starta med sine bilbeltekampanjar har folk blitt flinkare.

– 5 prosent høyrest ikkje mykje ut. Men i dødsulykker på vegane er det 40 prosent som ikkje brukar bilbelte. Så 4 av 10 som dør i bil har ikkje brukt belte.

Thiem meiner dette viser at kontrollar må til både av onkel politi og vegvesenet.

Sikrar ikkje born

Etter helgas kontrollar vart også nokre melde for ikkje sikre born i bilen.

– At førarar ikkje sikrar borna sine er alvorleg. Eit usikre born kan bli alvorleg skada eller drepen, sjølv i låg fart, seier Thiem.

Det er påbod om å sikre barn i bil, og er barnet under 135 cm skal det alltid bli brukt godkjent utstyr som sikrar barnet, og som er riktig i forhold til vekta.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.