Hopp til innhold

– Vi kan ikkje lenger bruke Google translate for å forstå kvarandre

– Sjukepleiarar må bli flinkare til å sikre seg at framandspråklege pasientar får forståeleg informasjon, meiner sjukepleiarstudent Kristoffer Robin Johannessen.

Kristoffer Robin Johannessen

FORSTÅING PÅ TVERS AV SPRÅK: Sjukepleiarstudent Kristoffer Robin Johannessen har skrive bacheloroppgåve om kommunikasjonen mellom sjukepleiarar og framandspråklege pasientar.

Foto: Line Omland Eilevstjønn / NRK

Tredjeårsstudenten ved sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har skrive bacheloroppgåve om korleis pasientar med andre morsmål enn norsk kan få korrekte opplysningar om helsesituasjonen deira.

I praksis opplevde han sjølv at menneske som snakka framandspråk ikkje klarte å formidle og motta informasjon om kva som feilte dei, og kva behandling dei måtte få.

– Dermed må vi som helsepersonell syte for at viktige meldingar mellom oss og pasientane kjem fram på ein tydeleg måte, seier han.

Haltande oversetjingshjelp

I praksis opplevde han at Google translate blei brukt for å prøve å gjere seg forstått frå begge partar.

– Slike omsetjingsprogram på nettet er ofte upresise og tvitydige, og problemet med det er at verken vi eller pasientane kan sjekke at informasjonen som blir omsett er korrekt, seier han.

– Blir tolk nytta?

– Tolketenester blir brukt, men eg var ikkje vitne til det i nokon av dei situasjonane eg var i. Dermed har eg fokusert på at vi kan bli flinkare til å bruke det. Utfordringa med tolk er likevel at dette ofte skjer over telefon, og ein får ikkje den ansikt-til-ansikt-kommunikasjonen som gjer at ein ser korleis pasienten tar i mot informasjon, og om vedkomande forstår den.

Ofte blir pårørande brukt som omsetjarar mellom sjukepleiarane og pasienten.

– Men det er viktig å hugse på at pårørande ikkje har teieplikt, og dermed kan det i mange situasjonar vere problematisk å nytte familiemedlem som tolkar.

Må tenkje annleis

Johannessen meiner sjukepleiarane må tenkje annleis i samtale med pasientar dei ikkje har eit gjensidig forståeleg språk med.

– Vi må bruke tid på det pasientane seier, og at sjekke at pasientane forstår informasjonen som blir gitt av oss. I staden for å berre ta eit kort møte og snakke fort gjennom kva som skal skje, kan vi nytte videoar, skriftleg informasjon som pasienten kan ta med seg heim, og vi kan teikne og bruke plakatar.

Han synest også at sjukepleiarstudentane bør får meir informasjon om kva omsetjingsverktøy som finst.

– Dersom det finst presise appar kan desse nyttast i mindre alvorlege situasjonar.

– Å kommunisere på tvers av språk blir viktigare og viktigare, særleg med tanke på flyktningestraumen som aukar. I tillegg har vi mange innvandrarar som blir eldre, og som helsetenesta vil sjå meir av i framtida, så dette er noko vi bør ha eit medvite forhold til, seier han.