NRK Meny
Normal

Vidar er ein moderne prest

Presten i Jølster brukar ikkje papir lenger. Vidar Bjotveit har med seg nettbrettet sitt på alle gudstenestene.

Prest på nettbrett

PREST PÅ NETTBRETT: Vidar Bjotveit brukar ipad i gudstenestene sine.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK Sogn og Fjordane

Vidar Bjotveit, eller «Vidar Prest» som han kallar seg på facebook, har stålkontroll over det vesle nettbrettet sitt og syner fram gudstenestedokument på nettbrettet .

– Når eg har ipaden med meg så har eg det eg treng. Naturlegvis har eg bibelen med meg, men eg har også bibelen på ipad om eg treng.

Brukar ikkje papir

Presten i Jølster brukar nemleg ikkje papir, men har med seg nettbrettet når han held gudsteneste.

– I starten skjønte ikkje folk at det var eit nettbrett. Dei såg berre at eg kom inn med ein perm eller ei mappe. Etter kvart når dei la merke til det og då vart det kommentert. Det var ein gong eit dåpsfølge som eg kunne sjå sat og kommenterte nettbrettet mitt.

Prest på nettbrett

FACEBOOK: Bjotveit er på facebook som Vidar Prest.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK Sogn og Fjordane

Den moderne presten klikkar seg inn på facebookprofilen sin via nettbrettet . Han var lenge usikker på om han skulle melde seg inn i nettsamfunnet.

– Då eg bestemte meg for å gå på facebook, valde eg å bruka det som prest og kalte meg Vidar Prest.

Gjennom facebook har Bjotveit kontakt med konfirmantar og eldre ungdom. Han annonserer også gudstenester der.

– Eg prøver å fortelja litt om kvardagen i Jølster, sett frå presten sin ståstad. Eg legg ikkje så mange middagar ut på facebook. Men eg er ihuga United-supportar så nokre kommentarar på fotball har det vore.

Populær på facebook

Med 943 vener er presteprofilen populær og fleire av statusane hans opnar til ivrig debatt. Gårsdagens status om komfirmantundervisning i skuletida er ein av dei.

– Eg lurte på kva venene mine på facebook tenkte om det. Då fekk eg 57 tilbakemeldingar. Eg tykkjer det er ein fin måte å lodde stemninga. Då fekk eg sjå kva andre tenkjer om mine tankar som profesjonell, prest og konfirmantleiar.

Men presten tenkjer også over kor mykje han legg ut og passar på at folk ikkje skal gå lei.

– Eg vil ikkje bli ein “prestespammer”. Eg vil ikkje at folk skal tenkja at no kjem presten med sånne kristengreier nok ein gong! Det må vera ein passeleg dose med det.

Ei skål av sølv

Av og til får han spørsmål på chatten på facebook.

– Då lyt eg ta det og svare og ikkje tenkje at no hadde eg eigentleg fri. Når eg er pålogga, så er eg pålogga som prest.

«Vidar Prest» er veldig nøgd med det som står på baksida av nettbrettet sitt:

«Som eple av gull, i skåler av sølv, er ord ein taler i rette tid»

– Det er eit bibelord. Eg ser på dette nettbrettet som ei skål av sølv, eplet av gull spelar litt på apple-logoen. Og desse orda skal ein tale i rett tid. Eg skal jo tale guds ord i rett tid. Det er heilt konge. Eg fekk det inngravert og er veldig stolt, ler han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.