Hopp til innhold

Brukar elveredningsgruppe i søket etter Per-Arne (35)

Ei elveredningsgruppe søkjer no i Storeelva, i håp om å finne spor etter den sakna Per-Arne Hestenes (35).

Per Arne Hestenes

SAKNA: Per-Arne Hestenes (35) har vore sakna sidan 8. november. I dag vert det søkt i Storeelva.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / Privat / NRK

Hestenes har vore sakna sidan natt til laurdag 8. november, då han var involvert i eit biluhell ved Øvresetkrysset like ovanfor Byrkjelo på fylkesveg 60.

– Vi heldt i dag tidleg fram søket med politihelikopteret som tok eit areal langs stranda på Breimsvatnet. På føremiddagen søkjer vi i Storeelva frå Byrkjelo og ned til Reed, seier lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

Søket søndag vart avslutta på grensa langs med elva.

Er lite vatn i elva

– No tek vi elva også, for å vere sikre på at det ikkje er noko vi kan knyte til saka der, seier Roset.

Det er lite vatn i elva, noko som gir gode tilhøve for å få søkt grundig. Elles har ikkje politiet komme over noko nytt i saka.

Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset.

LEITAR: Lensmann i Gloppen, Nils Ove Roset, understrekar at dei held alle moglegheiter opne.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi jobbar vidare og går gjennom detaljar for å sjå om det er noko vi har oversett. Det er stort sett det vi vil gjere i tida framover, seier Roset.

Politihelikopteret vart sett inn i søket etter den sakna mannen onsdag, for å sikre at ein fekk sett gjennom området på begge sider av fylkesvegen over fjellet til Utvik før det kom snø.

Er framleis interessert i tips

Politiet understrekar at dei framleis er interesserte i tips i saka. Politiet har gjennomført fleire avhøyr, utan at dette har resultert i noko konkret.

Trass i omfattande søk over store område, har ikkje politiet gjort funn i forsvinningssaka.

Politiet har heile vegen presisert at dei ikkje har grunnlag for at det ligg noko kriminelt til grunn for forsvinninga til Hestenes.