Brukar det dei har lært på skulen til å hjelpe kjøpesenter i USA

Sju elevar frå vidaregåande skular i fylket er i Atlanta, USA, for å komme opp med ei løysing for å gjere eit handelsområde i Sandy Springs meir populært.

Skal komme med kreative idear

HEKTISKE DAGAR: Dei har nok å hengje fingrane i, f.v. Jørn Helgheim i Ungt Entreprenørskap, Johannes Hauge (Hafstad vgs), Eivind Husabø (Ungt Entreprenørskap), Torgrim Thorsen (Sogndal vgs), Inger-Margrethe Sørland (Firda vgs), Oskar Brugrand (Sogndal vgs), Tonje Gulbrandsen (Dale vgs), Frida Husabø (Hafstad vgs) og Eivind Hjelle (Hafstad vgs).

Foto: privat

– Det er ei oppgåve med stort press og noko som må gjerast skikkeleg. Men det er sjølvsagt veldig kjekt å få vere med å gjere noko som kan endre Sandy Spring sitt handle mønster, seier Inger-Margrethe Sørland frå Byrkjelo.

Ho og seks andre elevar frå Sogn og Fjordane har vore i USA på ein entreprenørskapscamp sidan 7. april.

Målet er å hjelpe eit kjøpesenter i bydelen Sandy Springs i Atlanta som slit med omsetjinga.

Skal klekke ut smarte idear

Dette skal dei gjere ved å komme opp med gode idear som kan fremje sal og trekkje til seg fleire kundar.

– Bakgrunnen for at vi er her, er eit samarbeid mellom lærarar på Høgskulen i Sogn og Fjordane og ei organisasjon som heiter REAL. Dei hadde over fleire år utveksling av lærarar til USA som fekk opplæring i entreprenørskap, seier Eivind Husabø i Ungt Entreprenørskap Sogn og Fjordane, som er ein av to lærarar som er med på tur.

Så fann ein ut at ein ville utvide dette til å også ha utveksling av elevar.

– Alt starta med ein entreprenørskapscamp i Balestrand i 2008. Sidan har vi hatt fleire campar, mellom anna i Danmark. Årets camp er altså i USA, seier Husabø.

Vil gjere området meir attraktivt

Elevane får bruk for kunnskapane i dei fleste fag, som til dømes matte, engelsk, samfunnsfag og liknande, i tillegg til at dei må bruke dei kreative evnene sine.

– Vi har besøkt «City walk», som er ei handlegate i Sandy Springs, men som ikkje fungerer som dei hadde tenkt. Vår oppgåve er å komme på ei anna planløysing til området, eller gjere området meir attraktivt for familiar og tilsette i Sandy Springs, seier Sørland.

To profesjonelle konsulentar har også vore inne og sett på området, men har ikkje lukkast med sine forslag. Håpet er at friske auga, mellom anna frå Norge, skal få fart på prosjektet.

– Vi skal framføre oppgåva vår for kommunikasjonsdirektøren i Sandy Springs City Administration tysdag, så det blir spennande å sjå om dei vel ut vår idé, seier Sørland.

Også elevar frå USA og Danmark er med på prosjektet.

– Vi er delte inn i fem multikulturelle grupper, forklarar Sørland.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.