Arbeidsfolka frå det nye EU-landet har jobba for mykje dårlegare løn enn sine norske kollegaer, men administrerande direktør ved Båtbygg, Kjell-Inge Sjåstad, ser ingen problem med det.
- Sikrar norske arbeidsplassar
- Det var vanskeleg å skaffe arbeidskraft lokalt i sommarmånadene, seier han. Dette er ei ferdiggjering av ein jobb med prefabrikkerte seksjonar. - Vi velgjer å ikkje sjå på det som nokon utkonkurrering av norsk arbeidskraft, men heller snakk om å styrke dei arbeidsplassane vi har og sikre bedrifta i framtida. Det er betre at deler av båtane vert bygd i utlandet og ferdigstilt her, enn at heile oppdraget går til Polen eller Litauen, seier han.