Hopp til innhold

Brukar all tid på naturskade

Politiet i fylket har det siste året hatt hendene fulle med å registrere naturskadar. Det går ut over etterforsking og anna viktig politiarbeid.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

NEDLESST AV NATURSKADAR: Lensmann Tormod Hvattum.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Mykje regn i slutten av juli og orkanen Dagmar i romjula gjer at dei fem lensmennene i Nordfjord knapt har hatt tid til anna, seier lensmann Tormod Hvattum i Vågsøy.

350 naturskadar

– I Nordfjord har det til saman resultert i 350 naturskadar som har oppteke nesten all tida til oss fem lensmennene i Nordfjord i tida som har gått etter 25. juli.

Regn, vind og orkan har ført til store øydeleggingar i fylket det siste året. Og ved naturskadar som ikkje blir dekt av forsikring, er det politiet som må ut for å stadfeste skadeomfanget.

– Det er iallfall eit så stort inngrep i arbeidstida vår at vi har hatt lite tid til å prioritere andre ting.

"Dagmar" sine herjingar i Indre Nordfjord

MANGE NATURSKADAR: Slik såg det ut på Lovik camping i Loen andre juledag.

Foto: NRK/Torje Bjellaas

– Brukar for mykje tid

Vegar, bøar, moloar, hus og brygger har blitt rivne vekk av vind og regn, i fjor sommar og under Dagmar. Berre etter orkanen i romjula kom det 2580 skademeldingar inn til politiet her i fylket.

Politiet brukar for mykje tid på dette arbeidet, seier politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke.

– Slik situasjonen er blitt no tek det altfor stor del av arbeidstida til lensmennene. Denne tida kunne vi ha brukt til anna politiarbeid, etterforsking, vakt- og beredskap.

Brekke meiner andre kunne teke hand om oppgåvene.

– Eg er ikkje i tvil om at andre burde kunne spesialisere seg på denne oppgåva. Det har eg signalisert vidare inn til Politidirektoratet.

Politimeister i Sogn og Fjordane, Johan Brekke

- TEK FOR MYKJE TID: Politimeister Johan Brekke.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Hvis du søker dekning fra Statens naturskadefond for skader på eiendom eller gjenstander som ikke kan dekkes ved en alminnelig forsikringsordning, må du melde fra til lensmannen, utenfor lensmanndistrikt til namsfogden eller politi med