Hopp til innhold

Brukar 19 milliardar: No skal Snorre leve til minst 2040

Levetida til det gigantiske Snorre-feltet i Nordsjøen blir no forlenga i minst 23 år og Equinor skal bruke 19 milliardar kroner på jobben.

Snorre A

SNORRE A: Undervassinstallasjonane i Snorre Expansion-prosjektet skal knytast opp til Snorre A-plattforma. Snorrefeltet ligg omtrent 150 kilometer vest av Florø.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

I dag godkjende Olje- og energidepartementet Equinor sitt prosjekt for å forlenge levetida til Snorrefeltet.

– Prosjektet er ei investering som bidreg til 25 nye år med produksjon på Snorre og vil bidra med store inntekter til fellesskapet i lang tid framover, seier olje- og energiminister Terje Søviknes i ei pressemelding frå departementet.

Snorrefeltet har vore i produksjon sidan tidleg på 90-talet. Den gongen trudde ein levetida skulle vere til 2014. Med Snorre Expansion har Equinor berekna at dei kan halde produksjonen i gong til 2040.

Snorre Expansion

SNORRE EXPANSION: I dag vart utbygginga av prosjeket godkjend av Olje- og energidepartementet.

Foto: Snorre Expansion Project illustrasjon / Equinor

– Veldig viktig for Florø

– Dette prosjektet er veldig viktig for Florø, seier administrerande direktør i Saga Fjordbase Geir Johannessen.

Snorrefeltet ligg 150 kilometer vest av Florø og får i dag forsyningane frå Fjordbase i kystbyen. At levetida no blir forlenga betyr at arbeidsplassane her er sikra i åra framover. I tillegg til kjem auka aktivitet i prosjektperioden.

Geir Johannessen

GLAD: Administrerande direktør i Saga Fjordbase er glad for at Snorre Expansion no er godkjend. Prosjektet er viktig for arbeidsplassane i Florø.

Foto: Pressefoto / INC

– Meir aktivitet betyr at vi sikrar eksisterande arbeidsplassane og får behov for meir arbeidskraft, seier han.

Saga Fjordbase har det siste året fått ei rekkje kontraktar på ulik aktivitet som skal skje vest av kysten til fylket. Johannessen seier at lokalsamfunnet vil kunne oppleve store ringverknader på det som skjer framover.

Stor investering

– Vi brukar 19 milliardar på dette prosjekt, så det er ei stor investering, seier Eskil Eriksen, pressetalsmann i Equinor.

Pressetalsmann Eskil Eriksen.

BRUKER NORSKE SELSKAP: Pressetalsmann i Equinor, Eskil Eriksen, fortel at 80 prosent av kontraktane til prosjektet vil gå til norske selskap.

Foto: Equinor

Prosjekt inneber ikkje ei ny plattform, men ei stor utbygging under vassflata der 24 nye brønnar skal koplast opp mot ei rekkje undervassinstallasjonar. Desse skal koplast opp mot Snorre A-plattforma. Målet er å auke utvinninga frå feltet med om lag 200 millionar fat olje.

Det er delt ut og skal delast ut ei rekkje kontraktar i prosjektet til underleverandørar, og Equinor seier 80 prosent av desse vil gå til norske selskap. Prosjektet vil totalt sysselsette 27 000 årsverk i Noreg under prosjektet.

Under prosjektet blir det ei rekkje fartøy som skal jobbe på feltet. Alle desse blir forsynt frå Florø, i tillegg kjem persontransport med helikopter som allereie skjer frå Florø.

På Snorre A er førebuingane til Snorre Expansion allereie i gong. Til neste år skal arbeidet på sjøbotnen starte opp og brønnane borast.

Snorrefeltet