For ti år sidan brukte staten 120 millionar kroner på ulike arbeidsmarknadstiltak her i landet, for å sikre at folk kom i arbeid igjen, og at viktig kompetanse vart verande i bedrifta i vanskelege tider. I dag, ti år seinare, har Regjeringa berre løyvd 20 millionar kroner til slike tiltak.
- Riv, ruskande gale
- Me hadde ei valdsam krise for 10 år sidan då arbeidsløysa auka kraftig. Den krisa næringslivet er inne i no, er større, breiare og ser ut til å verte meir langvarig. Difor er det viktigare å bruke enda meir pengar på arbeidsmarknadstiltak no, enn ein gjorde den gongen. I staden er den økonomiske innsatsen redusert til eit minimum, og det meiner er må vere riv, ruskande gale, understrekar Bremer.
Bremer meiner at så mykje som 3000 arbeidsplassar i Sogn og Fjordane er i fare. Først og fremst tenkjer han på den usikre situasjonen kring Hydros framtid i Høyanger og Årdal. I tillegg til skipsindustrien som opplever ordretørke. Og Bremer fryktar no at denne kompetansen skal forsvinne frå fylket og bedriftene.
Viktig politisk jobb
- Ta til dømes skipsverftet i Førde, som slit økonomisk og kan verte tvinga til å selje. Skjer det, har dei liten sjanse til å starte opp att. Det er viktig å halde folk i arbeid, og det er betre å betale folk for å gjere noko, enn å betale dei for ikkje å gjere noko. - Å hjelpe til med å halde folk i arbeid, er det viktigaste og mest grunnleggjande vi kan syte for som politikarar, seier Tor Bremer.