NRK Meny
Normal

Vegvesenet trur bruene blir dyrare

Vegvesenet meiner prisen på bru Anda-Lote har auka meir enn brua i indre, samstundes skrur dei ned prisen for bru over Voldsfjorden.

E39 bru Nordfjorden

MOGLEG LØYSING: Dette er eit av forslaga til bru over Nordfjorden. Men ei ferjefri løysing frå Trondheim til Kristiansand er uansett langt fram i tid.

I eit nytt notat som er offentleggjort av Statens vegvesen, kjem det fram kvifor ferjefri E39 prosjektet gjennom Nordfjord og Sunnmøre har fått høgare prisar.

I går kom nyhenda om innhaldet i Vegvesenet sine berekningar som er gjort på oppdrag for Samferdsledepartementet. Tala viser at alle trasear har fått høgare prisar. No har Vegvesenet offentleggjort eit notat der dei legg fram nye kalkylar for bruene. Notatet viser bruprisar som er både høgare, men også lågare enn tidlegare trudd.

Endra reglar for moms

Ein stor del av prisveksten skuldast at reglane for meirverdiavgift for veginvesteringar er endra. Tidlegare har vegprosjekt vore delvis unnateke moms, men frå 2013 innførte styresmaktene 25 % moms på vegbygging, for å forenkle bokhalderiet.

Samstundes vart det avgjort at rammene på samferdslebudsjettet skulle aukast tilsvarande, sidan pengane uansett går inn og ut av statskassa. For ferjefri E39 betyr det kostnadsvekst på mellom 15 og 20 prosent, seier Statens vegvesen til NRK.

Dyrare Anda-Lote

Ei bru Anda-Lote vil i fylgje Statens vegvesen koste minst 4,2 milliardar kroner inkludert moms. Dette gjeld både flytebru og hengebru. Tidlegare har det vore lansert flytebruløysingar som forkjemparane for midtre meiner presser kostnadane ned mot 2,5 milliardar kroner med moms.

Vegvesenet meiner skipstrafikken er så stor at flytebrukonstruksjonen må vere kraftig, med stor seglingsbredde. Derfor meiner dei også prisen på flytebrua vil vere 4,2 milliardar kroner.

For ei hengebruløysing meiner Vegvesenet at Anda-Lote brua må byggast endå kraftigare enn tidlegare tenkt. Også det gir ein prislapp på 4,2 milliardar kroner med moms.

Lengre bru over Anda – Lote

Justerer ein for momspåslaget og samanliknar med 2012 er prisveksten på i overkant 400 millionar kroner

– Brua Anda-Lote blir 200 meter lenger, det gjer at ein må dimensjonere annleis og bruke meir stål enn på brua i Stryn, seier prosjektleiar Kjell Kvåle i Statens vegvesen.

I 2012 meinte Vegvesenet at ei hengebru utan moms ville koste 2,9 milliardar kroner. Ei flytebru utan moms ville den gongen koste 4,2 milliardar kroner.

Prisen på flytebrua er om lag 30 prosent høgare enn det selskapet LMG Marin har meint er mogleg å bygge for, når ein justerer for moms.

Liten kostnadsvekst for Strynebrua

Ei bru mellom Svarstad og Frøhom vil inkludert moms i fylgje Vegvesenet koste 2,7 milliardar kroner. Dette er ei auke som berre er 200 millionar meir enn tidlegare summar frå 2012. Dette skjer trass i at moms no er lagt til, og at kostnadane skal vere justerte for prisvekst.

Ut frå dokumentet kan den låge prisveksten kome ut frå lågare stålprisar, men det har ikkje lukkast NRK å få kommentarar til dette.

Kjem det krav om midtdelar vil også prisen for denne brua gå opp, skriv Vegvesenet. I dag er det lagt inn midtdelar på Lote-Anda, men ikkje Svarstad-Frøholm.

Billegare Voldsfjordkryssing

Bru over Voldsfjorden har blitt langt rimelegare enn tidlegare rekna med.

Tidlegare har Vegvesenet lansert ei hengebru over Voldsfjorden, med 70 meter seglingshøgde. Men etter innspel frå kommunane og verksemda LMG Marin, har Vegvesenet rekna på ei flytebruløysing.

Flytebruløysinga vil koste 3,1 milliardar kroner inklusiv moms, medan hengebrua ville ha kosta 5,9 milliardar kroner. Også denne flytebrua er om lag 30 prosent dyrare enn løysingar LMG Marin tidlegare har lansert. Dei har hevda brua med tilsvarande seglingshøgde vil koste vel 2 milliardar utan moms. Vegvesenet meiner no at ei flytebru er det klart mest fornuftige konseptet.

– Har ikkje hatt fokus på Voldsfjorden

Prosjektleiar for KVU Skei-Volda i Statens vegvesen Kjell Kvåle, seier at dei ikkje har sett på flytebruløysingar før.

– Fokus har vore på løysinga med kort bru over Austefjorden. No har vi sett nærmare på Voldafjorden, og flytebruløysing er fornuftig.

Meiner Vegvesenet reknar for dyrt

Geir Kjersem

MEINER TALA ER FOR HØGE: Administrerande direktør i selskapet LMG Marin, Geir Kjersem, seier dei har jobba mykje med tala sine.

Foto: Trond Vestre / NRK

Administrerande direktør i selskapet LMG Marin, Geir Kjersem, meiner det er positivt at Vegvesenet no ser på flytebruløysingar. Kostnadsskilnaden meiner han må skuldast at Vegvesenet opererer med høgare tryggleiksmarginar enn det private selskapet.

– Vi har jobba mykje med tala våre og har høg tillit til dei. Vi veit at Vegvesenet opererer med høg uvisse, nærare 40 prosent. Vi jobbar med langt lågare prosentar, for vi har gjennomrekna brua svært detaljert, seier Kjersem.

– 30 prosent auke overraskar oss veldig, vi meiner det kan gjerast langt rimelegare enn det Vegvesenet legg opp til.

Kjersem meiner Vegvesenet burde lære av offshoreindustrien og vore meir opne for ny teknologi. LMG Marin har brei erfaring frå maritim industri.

– Offshorenæringa er meir opne, også for private. Dette er sjølve suksesskriteriet for at maritim industri er blitt ei viktig eksportnæring for Norge.

(Artikkelen held fram under kartet)

E39 alternativa gjennom Nordfjord

ALTERNATIV: Det er stor spenning på kva alternativ statsråd Ketil Solvik-Olsen landar på når det gjeld kvar E39 skal gå i framtida.

Foto: Statens vegvesen

Dyrare på Sunnmøre

Ei bru på Hafast alternativet over Sulafjorden mellom Hareid og Sula vil koste 13,9 milliardar kroner. Det er den billegaste løysinga, ei såkalla fleirspenns hengebru med tårn fundamentert på pongtongar. Dette er langt dyrare enn Fefast over Storfjorden mellom Ørsta og Ålesund.

For Fefast er det rimelegaste alternativet ei endeforankra flytebru, med ei høgbru inn mot land på nordsida av fjorden. Kostnadsoverslaget er på 7,3 milliardar kroner.

Den store skilnaden mellom Storfjorden og Sulafjorden kjem fordi det er store påkjenningar for ei bru over Sulafjorden, som ligg utsett til for store havdønningar.

Bruene Anda-Lote, Storfjorden, Sulafjorden og Voldsfjorden vil kunne romme fleire køyrefelt og midtdelar på grunn av strukturane i bruene.

Lang levetid

Levetida for bruene er rekna til 100 år, Internasjonalt nyttar ein no 150 til 200 års levetid. Vegvesenet meiner det er viktig med ei dimensjonering som står seg i framtida. Erfaring frå tidlegare viser at årsdøgntrafikken langt har overstige det ein har rekna med før opning.

Vegvesenet understrekar at kostnadsoverslaga vil vere knytt til stor uvisse, og at kostnadsoverslaga er enkle. Materialet utgjer derfor ikkje eit tilstrekkeleg fagleg grunnlag for å treffe val av konkrete kryssingsløysingar på noverande tidspunkt.