Hopp til innhold

Her trur brudgommen han skal hoppe i strikk utfor eit stup!

Brudgommen Øivin Vabø blei lurt trill rundt i utdrikkingslaget sitt. Det han trudde var eit stup, var ikkje heilt det ...

35-åringen frå Vågsøy har høgdeskrekk og før utdrikkingslaget sitt sa han at strikkhopping og fallskjermhoppinga var totalt uaktuelt.

– Det var det verste eg kunne tenke meg som skjedde. Eg sa at så lenge eg slapp det, så kunne dei «gjere kva f.. dei ville», seier han.

– Kva såg du føre deg då du stod der med bind for augo?

– Eg trudde eg skulle hoppe i strikk. Eg hadde fått på meg hjelm og det eg trudde var sele. Eg hadde bind for augo og såg ingenting. Så klatra eg over det eg trudde var rekkverk. Eg må innrømme at eg var veldig redd.

Han trudde han stod på ei klippe eller ei bru og at han skulle hoppe ut frå den.

– Eg klarte ikkje å tenkje over at det ikkje var vind eller noko som helst.

Skuldar på litt promille

Øivin Vabø er frå Degnepollen og utdrikkingslaget var ei helg laurdag i juni. Dagen starta med at kameratane tok med seg brudgommen til Gursken på fjellet ved Larsnes. Derifrå fekk 35-åringen bind for augo og hadde ikkje snøring på om dei køyrde mot Måløy att eller mot Ålesund.

– Eg sat to timar i buss med bind for augo. Eg hadde litt innanbords og trur eg skulle klart å avsløre spøken om det ikkje var for det, ler han.

Gjengen reiste til familiehytta til forlovar Endre Rutledal.

– Eg vart geleida ut i skogen då vi gjekk nedover, med streng beskjed om å adlyde ordre og ikkje gjere noko anna.

Avslørte ikkje «instruktøren»

Utdrikkarane gjorde sitt ytterste for å få det til å virke ekte. Kameratgjengen hadde utover dagen klart å byggje opp at det var noko slikt som skulle skje. Dei snakka om tåka og at dei håpa flyet fekk lette.

Ein i utdrikkingslaget snakka engelsk og gav seg ut for å vere instruktør.

– Eg hadde så mykje adrenalin pumpande i meg at eg kopla ikkje at han var ein god kompis av meg. Eg manna meg verkeleg opp til å skulle hoppe.

Venta eit luftig svev

Han kjende på høgdeskrekken då han stod på det han trudde var eit stup. Kameratane dytta på for at han skulle hoppe.

– Eg venta jo eit luftig svev, men den gang ei. Det var eigentleg ei lette då eg trefte vatnet etter eit sekund.

Filmen blei vist i bryllaupet i helga til stormande jubel. No har Øivin og kona Kristin Aare reist til Tenerife på bryllaupsreise.

– Kva tenkjer du når du ser videoen i ettertid?

– Det ser komisk ut, men var ikkje så komisk då det stod på. Eg var berre så letta over at det var over.