Brud i Flora eller Bremanger?

Skal du stå brud i Flora eller Bremanger? Då har du sjansen til å bli historisk i føremiddag.

Florø Husflidslag er nemlig på jakt etter ei gifteklar jente og no hastar det.

Brudestasen nesten klar

Florø Husflidslag feirer 70 år i år. Norges Husflidslag rundar 100 og Florø By 150 år. Derfor hadde det vert fint med ei jubileumsbrud.

Leiar Britt Andrea Berg Madsen i husflidslaget seier at dei vil gjere alt dei kan for at drakta skal bli tilpassa til den som tek hansken.

Brudekrune på kjøpet

Det er ikkje berre drakta det er snakk om. Kystmuseét har brudekrune frå Bremanger som dei låner ut til dette formålet.

Brud på direkten

Er du frå Flora eller Bremanger Kommune bør du følge ekstra godt med på føremiddagsendinga i dag.

Der etterlyser programleiar Birger Meland tips om den som vil bli jubileumsbrud. Og han lovar fin premie til den som tek sjansen.