NRK Meny

Bru til Atløy i sikte

– Når regjeringa i dag presenterer kommuneproposisjonen, ligg alt til rette for bru over Ytre Steinsund og Atløysambandet i Askvoll, skriv Firda. Regjeringa har i proposisjonen fått på plass nye retningsliner for ferjeavløysingsmidlar. Dette betyr eit tilskot på mellom 19 og 20 millionar kroner kvart år i 40 år, der ein vel å byte ut ferje med bru eller tunnel. Med ein startkapital på inntil 800 millionar kroner er Atløysambandet nærast fullfinansiert.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå