Hopp til innhold

NY RAPPORT: Bru over Anda – Lote kan gi tredobling av trafikken

– Nordfjordbrua vil skape ein heilt ny kvardag i Nordfjord, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid, og styreleiar i Nordfjordbrua.

E39 bru Nordfjorden

MANGE ALTERNATIV: Dette er eit av mange forslag til bruløysingar over Nordfjorden mellom Anda og Lote. Dette forslaget til flytebru vart presentert for nokre år sidan.

Måndag kveld vart ein ny rapport lagt fram som viser at ei bru over Anda – Lote vil tredoble trafikken samanlikna med dagens ferjetilbod, frå 1400 køyretøy i døgnet til 4000–4500. Rapporten er utarbeidd av Norconsult på oppdrag frå Nordfjordbrua.

– Denne rapporten viser at brua vil utløyse store regionale effektar. Den vil før til ei kraftig utvikling av både trafikken og samhandlinga i Nordfjord, samanlikna med i dag, seier Bjørlo.

Ferjeavløysing

Rapporten syner at ved bruk av ferjeavløysingsmidlar og bompengar ligg sjølvfinansieringspotensialet ved brua ein stad mellom 2,3 og 3,7 milliardar kroner. Trafikktala er då sett relativt konservativt og det er ikkje føresett ordinære fylkeskommunale eller statlege midlar til prosjektet.

Alfred Bjørlo

OPTIMIST: Alfred Bjørlo (V) håpar på bru innan 2030.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det blir då å putte inn pengar som i dag vert brukt til køyre ferje, og til å betale for ferja til i staden betale ned ei bru over ein periode, seier Bjørlo.

Han ser for seg at bompengetakstane vil ligge på same nivå som dagens ferjebillettar.

– Kanskje vert dei litt høgare, men ikkje noko dramatisk. Men ein får kutta reisetida mellom Sandane og Nordfjordeid. Ein får ei reisetid på under 20 minutt, seier Bjørlo.

Brupresentasjon

INTRESSERTE: Kring 120 personar møtte måndag kveld fram for å få med seg presentasjonen av den ye rapporten om bru over Nordfjorden.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Avviser omkamp

Mange har kjempa for brukryssing av Nordfjorden ved Anda – Lote, men i 2014 bestemte regjeringa seg for det indre alternativet, og ville heller at E39 skal krysse Nordfjorden med bru ved Svarstad i Stryn.

Bjørlo avviser at den nye rapporten dei har fått utarbeidd er noko forsøk på omkamp.

– Noko av det som kjem fram i denne rapporten og som er svært viktig er at sjølv med ei bru i indre så vil det også vere ein kraftig vekst i trafikktala over Anda – Lote. Rett og slett fordi så mykje av trafikkveksten handlar om å utløyse samanhengande bu og arbeidsmarknadsområde i midtre Nordfjord seier Bjørlo.

Han meiner dei to bruene ikkje vil konkurrere med kvarandre.

– Sjølvsagt vil E39 i Indre påverke trafikkgrunnlaget for Nordfjordbrua Anda – Lote, men absolutt ikkje så mykje som ein kanskje skulle tru. Begge prosjekta vil utløyse store positive regionale effektar, seier Bjørlo.

– Når ser du for deg at brua kan vere ferdig?

– I denne analysen har vi laga modellar basert på at brua står ferdig i 2030. Det vil seie at vi stikk spaden i jorda om lag når noverande anbod for ferjedrift på Anda–Lote går ut. Så kan ein jo håpa at det går an å få det til før, ingen ting ville vere betre enn det, seier Bjørlo.