Hopp til innhold

Brrr ... Her var det kaldast i heile landet

Kulda har verkeleg teke grep. Filefjell var den kaldaste staden i heile landet, og berre ved to målestasjonar var gradestokken på plussida.

Filefjell kulde

BRRR: Minus 25 grader viste gradestokken i bilen til vår NRK-reporter då han stogga på Filefjell.

Foto: Rune Fossum / NRK

På biletet viser gradestokken minus 25 grader på Filefjell laurdag kveld. Natt til søndag gjekk temperaturen ned til 27,2!

– Det er det kaldaste i landet i natt. Hardangervidda var nest kaldast med 26,6 grader, fortel meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Vêrvarslinga på Vestlandet.

Det har heldigvis ikkje vore like kaldt i Sogn og Fjordane, men likevel har både sogningane, sunnfjordingane og nordfjordingane kjend kulda godt.

– Ja, det har vore veldig kaldt. Det kjem av kald luft frå nord, og så har det vore skyfritt, og det gjer det ekstra kaldt, seier Fagerlid.

Snart blir det mildvêr og regn

Berre to plassar i fylket har hatt plussgrader denne natta, og det er Kråkenes fyr og Ytterøyane fyr. Der var temperaturen høvesvis 0,3 og 1,6. Og kanskje du også har merka at det har gått fort frå høge plussgrader og regn, til iskalde minusgrader og snø?

– Ja, det har gått fort, og det er denne kaldlufta som har breidd seg sørover heilt ned til mellom anna Storbritannia og Frankrike, seier Fagerlid.

Men uansett om du er glad i kulde og snø eller ikkje, bu deg på vêrskifte ganske snart.

– Måndag begynner temperaturane å gå opp igjen og det blir temperaturar på 5–6 plussgrader og regn. Det er venta ein del nedbør særleg på tysdag, og då vil nok snøen som er komen forsvinne ganske fort, seier meteorologen.

Vinter på Filefjell
Foto: Jan Christian Jerving

– Sju holker før jul

Og vinglinga i vêrsituasjonen vil halde fram. Torsdag blir det kaldt igjen og det kan bli nye snøbyer i låglandet, før det mildnar på nytt til helga, og så blir det kanskje kaldt igjen i slutten av neste helg.

– Vi har eit ordtak der eg kjem frå (Olden) som seier at ein skal oppleve sju holker før jul. Det er ganske vanleg med skiftande vêr før jul, og slik prognosane ser ut no så er det sterke tendensar til at det blir sånn også i år, seier Fagerlid.

Han har difor ei oppfordring til dei som ventar på sitt perfekte vêr:

– Det er berre å følgje med på vêrmeldingane, for dette endrar seg veldig frå dag til dag.

Har du fine vinterbilete å dele med oss? Del dei no, eller vent til neste holke.