Hopp til innhold

Brøytinga kan få økonomiske følgjer

Statens vegvesen vurderer økonomiske sanksjonar mot brøyteentreprenørar som ikkje gjer jobben godt nok.

Brøytebil i full sving

HENDENE FULLE: Brøyteentreprenørane har hatt meir enn nok å gjere denne vinteren. Har dei ikkje gjort jobben godt nok, kan dei no få økonomiske reaksjonar frå Vegvesenet.

Foto: Hilde Zahl / NRK

- Vi har avdekt forhold entreprenørar må svare for, seier seksjonsleiar Eivind Yttri til Sogn Avis.

NRK har tidlegare hatt saker på Vegvesenet, som ikkje er nøgd med jobben brøyteentreprenørar har gjort denne vinteren.

LES OGSÅ:

No vurderer Statens vegvesen å innføre sanksjonar i form av økonomisk trekk, skriv Sogn Avis.

Overfor avisa presiserer Yttri at slike sanksjonar førebels ikkje er sett i verk, og at dei aktuelle entreprenørane først må få høve til å forklare seg.