Hopp til innhold

Brøytesjåfør nær teken av ras

Brøytebilsjåfør Kjell Egil Nes var måndag morgon nær ved å bli teke av ras i Veitastrond. Med stigande puls klarte han å sette traktoren i revers og redda seg så vidt det var ut av området.

Kjell Egil Nes og ras i Veitastrond

NÆR TATT AV RAS: Brøytebilsjåfør Kjell Egil Nes var nær å bli teken av ras i Veitastrond måndag morgon. Biletet viser det store raset som gjekk tidlegare i vinter. Det var i same området Nes opplevde marerittet måndag.

- Det var på grensa til at det gjekk gale, det kan eg ikkje leggje skjul på, seier Nes til NRK.

Det siste døgnet har det kome store mengder nedbør i Sogn og Fjordane. Fleire stader har det kome over 100 millimeter på berre 24 timar.

Snøskredfaren i fylket er tysdag på 4, og over 30 vegstrekningar var i morgontimane stengde.

Frykta det skulle kome ras

Nes er blant dei som har fått merke naturkreftene på nært hald.

Måndag morgon brøyta han på vegen mellom Hafslo og Veitastrond, då han opplevde marerittet.

I løpet av natta og morgontimane hadde det kome ned ein del blaut snø, og då Nes køyrde på strekninga var han merksam på at det kunne kome ras.

- Eg var på veg inn i området der det gjekk eit 400 meter breitt ras tidlegare i vinter. Brøytekantane er så høge her, at eg akkurat ser over nokre stader når eg sit i traktoren, fortel Nes til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Veitastrond

SNØSKRED: Dette raset har sidan måndag morgon sperra vegen mellom Hafslo og Veitastrond.

Foto: Kjell Egil Nes

Sette traktoren i revers - rygga for livet

Plutseleg vert han merksam på at snømassane kjem mot han.

- Om lag 50 meter over vegen ser at det kjem eit ras. Eg merka at eg fekk veldig høg puls, men klarte å setje traktoren i revers, fortel Nes.

Medan Nes ryggjer bakover, rasar snøen ned i vegen framfor han. Til alt hell kjem det ikkje snø i vegen bak han, så Nes klarar til slutt å kome seg ut av området.

- Det er risikosport, og ikkje noko triveleg. Men eg kan ikkje køyre rundt å vere redd, det går ikkje i denne jobben, seier Nes til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

John Molland i snøen

SNØ: Det har kome store mengder snø i Veitastrond i vinter. Biletet viser John Molland som står med snø til over midja.

Foto: John Molland

Veitastrond innesperra

Fylkesveg 337 mellom Hafslo og Veitastrond er framleis stengd etter raset. I vinter har den vesle bygda vore innesperra fleire gonger.

Når vegen inn til bygda har vore stengd, har dei 120 innbyggjarane tek i bruk ein luftputebåt for å kome seg ut av bygda.

Denne er no på verkstad, og folk i Veitastrond kjem seg difor ikkje ut av bygda.

- Førebels er det ikkje kritisk. No ser vi sola, så dersom det skulle skje noko alvorleg, vil eg tru det er mogleg å ta seg inn til oss med helikopter. Akkurat no er det einaste måten å kome seg til og frå bygda, seier John Molland som er leiar i bygdelaget.