Hopp til innhold

Brøyter nesten døgnet rundt

I motsetnad til buss- og lastebilsjåførar har ikkje brøytebilsjåførane reglar om køyre- og kviletid.

Hektisk dag for brøytemannskapet.

TRAVELT: Mykje snø har ført til mykje arbeid for dei som brøytar vegane våre.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Brøyting er ad hoc-arbeid. Det er ikkje mogleg å planleggje dette i lang tid i førevegen, seier leiar i Norsk Transportarbeidarforbund, Roger Hansen.

Det er hektiske dagar for brøytebilsjåførane i fylket. Lange dagar og lite søvn gjer at sjåførane byrjar å kjenne seg slitne.

30-40 timar på tre dagar

Mats Dvergsdal Engebø som brøyter vegane i Førde fortel at det har blitt lange dagar på grunn av mykje nedbør.

– Dei siste tre dagane har eg jobba til saman 30-40 timar, seier han til NRK.no.

I natt fekk han åtte timar søvn, men det har ikkje vore normalen dei siste dagane.

– Eg søv vel tre timar, så er det opp å brøyte. Så søv eg på dagtid, før eg må brøyte igjen på ettermiddagen.

Unntak frå arbeidsmiljølova

Roger Hansen i Transportarbeidarforbundet seier at nokre brøytebilsjåførar er heilt unnatekne frå arbeidsmiljølova.

– Dersom du eig bilen og køyrer sjølv, er du ikkje underlagt arbeidsmiljølova. Men det kan oppstå arbeidsperiodar som er så lange at det blir ein fare, seier han.