Hopp til innhold

- Brått vart det heilt kvitt rundt han

Rolf Andersen fekk torsdag telefonen han ikkje vil ha. Ein av brøytesjåførane hans var teken av ras og kunne blitt feia på vatnet.

Leif Skrinsrud slapp med skrekken då brøytebilen hans vart teken av eit ras på Årdal-Tyin

SLAPP MED SKREKKEN: Brøytebilsjåfør Leif Skrinsrud slapp med skrekken då brøytebilen hans vart teken av eit ras på Årdal-Tyin torsdag ettermiddag.

Foto: Privat

Sterk vind og dårleg sikt førte torsdag ettermiddag til at fylkesveg 53 Årdal-Tyin vart stengd. Brøytemannskapa måtte gje tapt for naturkreftene, og det var ikkje lenger trygt å sleppe bilistane over fjellet.

For å hindre at vegen snødde heilt att heldt brøytemannskapa fram med arbeidet ei stund. Så skjedde det – ein av brøytebilane vart teken av eit snøras.

– Sjåføren skvatt veldig til og fekk seg ei overrasking. Brått vart det heilt kvitt rundt han, fortel sjefen hans, Rolf Andersen som er arbeidsformann for E. Opedal & Sønner i Sogn.

Må ofte vere i farlege område

Vind og mildvêr har dei siste dagane ført til vanskelege forhold i fjellet. Fleire fjellovergangar har vore stengde på grunn av uvêr, ras og rasfare.

For dei som jobbar i fjellet er det hektiske dagar, og jobben med å halde fjella opne er heller ikkje ufarleg. Statistikk frå Vegvesenet viser at fire av ti rasulukker langs norske vegar råkar brøytebilsjåførar.

Kvar einaste vinter må brøytebilsjåførar opphalde seg i farlege område. Sjølv om vegar blir stengde på grunn av til dømes rasfare, må brøytemannskapa halde vegen under oppsyn. Då blir dei naturleg nok utsette for fare.

Ved 14.30-tida torsdag ettermiddag var vêret så ille på vegen mellom Årdal og Tyin at Vegvesenet bestemte seg for å stengje strekninga. Mannskapa frå E. Opedal & Sønner heldt likevel fram arbeidet.

– Vi køyrde nokre turar for å hindre at det ikkje skulle føykje heilt att, forklarar Andersen til NRK.no, og seier dette er noko dei ofte gjer.

– Kunne fort gått verre

Men brått skjer det som ikkje skal skje. Eit snøras losnar i fjellsida like i nærleiken Tyin Hotel og treff ein av brøytebilane. Det var allereie heilt kvitt rundt han av snøføykje, men så vart det endå kvitare.

– Det blir som å køyre på ei pute. Ei av siderutene vart pressa inn i bilen og vart liggande i setet, fortel Andersen.

Til alt hell kom sjåføren frå det uskadd. Andersen prisar seg lukkeleg for at det enno er lite snø i fjellet, og seier raset heldigvis ikkje var spesielt stort. Han anslår det til å vere omkring ti meter breitt og vel ein meter høgt.

Uansett storleik er det krefter i eit snøras og den store bilen vart pressa ut i grøfta. På andre sida av autovernet er det rett ned i vatnet.

– Det kunne fort gått verre.

– Sjåføren ringte straks til meg. På grunn av dårleg mobildekning var det berre meg han fekk tak i. Eg fekk varsla dei andre av mannskapet vårt som var i området, seier Andersen.

Utstyrte med skredsøkeutstyr

Alle brøytebilsjåførane hans er utstyrte med skredsøkjer og mottakar og skal gå med dette på seg heile tida. Slik kan dei finne att kvarandre om ting skulle gå gale. Heldigvis vart det aldri bruk for å bruke utstyret i går.

– Vi gjer ei vurdering frå gong til gong, og i går valde vi å sende inn dei andre for å trekkje bilen ut av grøfta. Det er ofte slik at det sjeldan kjem ras på den same plassen like etter, seier Andersen til NRK.no.

– Kva tenkjer du som sjef når slike ting skjer?

– Eg blir litt skeptisk til å ha folk der i det heile, seier Andersen og seier mannskapa ikkje har vore inne i dette området sidan.

Ras trefte tankbil på fylkesveg 50

Og brøytebilsjåføren på Tyin-Årdal var ikkje den einaste som i går vart overraska av ras. Ein tankbilsjåfør som skulle fylle opp E. Opedal sine drivstofftankar på fylkesveg 50 Hol-Aurland vart også ståande midt inne i eit ras.

– Han var på veg heimover då raset kom rett på han, fortel Andersen.

Også på denne fjellovergangen er det etter forholda lite snø, og heller ikkje dette raset var spesielt stort.

– Rundt ein meter høgt og kanskje 20 til 30 meter langt, seier Andersen som fortel at brøytemannskap på fjellet grov bilen fram. Også denne sjåføren slapp med skrekken.

– Ei aha-oppleving

Så langt kjenner han ikkje til at sjåførane har blitt spesielt prega av det som har skjedd. Andersen seier sjåførane er vande med styggevêr og ras.

– Men dei får seg ei aha-oppleving, det gjer dei.

Fylkesveg 53 Årdal-Tyin er ved 11-tida framleis stengd på grunn av ras og uvêr, det blir gjort nye vurderingar her i løpet av dagen. På fylkesveg 50 Hol-Aurland held dei på med oppryddingsarbeid etter ras, det blir gjort ei ny vurdering klokka 12.