Hopp til innhold

Brøytebil køyrde nesten på linjene

Brøytebilsjåfør Inge Guddal sperra auga opp, då han såg høgspentlinjene henge lågt over riksveg 15.

Brøytebil køyrde nesten på linjene

LÅGE LINJER: Slik såg det ut då brøytebilsjåfør Inge Guddal kom køyrande ved Skåre i Hjelledalen i Stryn.

Foto: Inge Guddal (MMS-foto)

- Det hadde lagt seg mykje snø på linjene, og det hadde i tillegg regna ei stund. Då balla det på seg, seier Inge Guddal.

Han har ansvaret for brøytinga på Strynefjellet og svingane på riksveg 15 opp mot fjellet. Då han kom køyrande med bilen på måndag, var han redd for at han skulle køyre rett inn i høgspentlinjene ved Skåre i Hjelledalen.

- Det var ikkje langt ifrå. Hadde det komme ein lastebil med skap, hadde han nok teke oppi - slike bilar er høgare enn brøytebilen min, seier Guddal.

Kom på staden og banka av snøen

Guddal ringde e-verket for å varsle om situasjonen, og var inne på tanken om å stengje Strynefjellet for trafikk.

- Hadde nokon teke oppi, kunne det ha blitt katastrofe, forklarer Guddal.

Mannskap frå Stryn Energi kom raskt på staden, og fekk snart banka av snøen frå linjene.

- Det var jordingstråden som hang lågast, og vi fekk banka av snøen, seier avdelingsleiar for nettet i Stryn Energi, Anbjørn Sølvberg.

Verksemda vurderer til ei kvar tid om dei skal ut og studere situasjonen frå helikopter, noko dei også gjer kvar einaste vinter.

Den siste tida har brøytesjåførane hatt hendene fulle av arbeid. Sidan vesle nyttårsaftan har bilen til Guddal stått i ro i berre to timar.

- Det har vore veldig hektisk no, og vi har vore ute både dag og natt. Det har blitt veldig lite soving sidan torsdag, seier Guddal.

LES OGSÅ:

Vogntog stod fast på glatta

Det er elles svært glatt på vegane rundt om i Sogn og Fjordane og på sørlege delar av Sunnmøre. I stigningane frå Åheim mot Bryggja stod eit vogntog i føremiddag fast.

- Det er islagt heile vegen oppover der. Eg trur at viss Sunnmøre og Sogn og Fjordane slår seg saman, bli vi gode på 10.000 meter skøyter, seier Lasse Silnes.

Han er bilist, og passerte i morgontimane det glatte området.

- Eg oppmodar folk om å ikkje køyre over fjellet, seier han.