Hopp til innhold

Brottsjø trefte M/S Skjongholm – tok inn vatn og det byrja å brenne om bord

Det var drama om bord då ein brottsjø ramma M/S Skjongholm vest for Troll-feltet laurdag. Bølga knuste ein ventil og skipet gjekk i svart samstundes som det byrja å brenne.

Fiskebåtreiar Rune Nilsen og Skjongholm

DRAMATISK: Ein brottsjø truga mannskapet om bord på M/S Skjongholm i helga. Det enda bra, men eigar Rune Nilsen seier skipet i verste fall ikkje er i drift att før etter jul.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Brottsjøen reiv laus ei redningsflåte, som knuste ein ventil i styrhuset. Skipet tok inn store mengder vatn ute i Norskerenna.

Skipper Runar-André Nilsen fortel om nokre dramatiske minutt.

– Mannskapet vakna av at alarmen gjekk. Kun naudlysa var på. Mykje vatn strøymde inn i lugarane, fortel Nilsen.

M/S Skjongholm.

KNUST: Denne ventilen blei knust av redningsflåten.

Foto: Jonathan Amundsen

M/S Skjongholm held til på Barekstad og driv tradisjonelt garnfiske. Båten var på veg inn til Værlandet etter ein vellykka fisketur. Rett etter Troll-feltet kom brottsjøen.

Bølga trefte på styrbord side bak på hekken og slo ei redningsflåte på 100 kilo ut av klubba. Flåten knuste ein ventil oppe på styrhuset.

Styrhuset vart fylt med vatn. Vatnet rann vidare ned til lugarane, byssa og messa.

Byrja å brenne

– Vatnet førte til at det byrja å brenne i ein straumforsyningsboks, og skipet gjekk i svart. Vi måtte bruke brannsløkkingsapparat. Heldigvis gjekk hovudmotoren slik at vi hadde styring og fart, fortel Nilsen.

– Fekk båten slagside?

– Nei, vi merka fort at båten var stabil. Men det går nokre minuttar der du lissom må finne ut kor store skadane er. Alt var mørkt og vi måtte leite oss fram. Det var kaotisk.

– Frykta du at skipet skulle gå ned?

– Ikkje med det same. Ein reagerer på autopilot, at ein må snu båten, at brannen må sløkkast og at ein må få oversikt før Florø radio eventuelt blir varsla.

Gjekk brannvakter

Kva skjedde etter at de fekk kontroll?

– Vi gjekk brannvakter. Men vi sat litt på nåler.

– Kva tenkjer du i ettertid?

– Eg prøver å tenke minst mogleg, men eg tek meg heile tida i å tenke på korleis det kunne ha gått. Vi gjekk forbi ventilen berre minuttar før det small. Hadde det skjedd då, ville dette sett annleis ut i dag.

Brottsjø ramma M/S Skjongholm

LUGAR: Vatnet strøymde inn i lugarane. Film: Jonathan Amundsen.

Foto: Jonathan Amundsen

– Påverkar hendinga lysta til å reise ut att?

– Det veit ein ikkje før ein prøver. Vi har hatt ein samtale med mannskapet. Det er klart at mange er prega av hendinga. Det er rimeleg traumatisk når du vaknar opp av alarmen og det fossar inn vatn, seier skipperen.

Skipet kom til land for eiga maskin laurdag. For sikkerheit skuld fekk mannskapet assistanse av ei redningsskøyte.

M/S Skjongholm ligg no til reparasjon på Raudeberg.

Ute av drift

– Vi har ein skade på livbåten og ventilen. Elles er det ingen store materielle skader på utsida. Men vassmengdene har gjort skade innvending, seier eigar av båten, Rune Nilsen.

– Vi er i dialog med forsikringsselskapet. I verste fall er ikkje båten klar att før etter jul, seier Nilsen.

Ein Brottsjø førte til brann og blackout på garnbåten MS Skjongholm.

FILM: Sjå amatørvideoen frå innsida av skipet etter at det var kome i land.