Hopp til innhold

Brot mellom NSB og Aurland

Flåmsbana kan no bli drive av NSB åleine, etter at NSB og Aurland Ressursutvikling ikkje har klart å bli samde om ny avtale.

Utsikt frå Flåmsbana vinterstid
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Dette fortel Haakon Myhre, kommunikasjonsrådgjevar i NSB, til NRK.no.

Aurland Ressursutvikling og NSB har i årevis drive Flåmsbana saman, men no er det slutt.

– Aurland Ressursutvikling har valt å ikkje akseptere forslaget til avtale. Når den gamle avtalen no har gått ut, har det vorte slik at NSB driv Flåmsbana åleine, seier Myhre.

– Kva er hovudårsaka til at de ikkje greidde å kome til semje?

– Det er vanskeleg for meg å svare på. Dette fordi det einaste vi har fått høyre frå motparten er at forslaget til avtale ikkje er akseptert.

Skummar fløyten?

– Einskilde vil hevde at suksessen bak Flåmsbana i stor grad skuldast alle aktivitetane som reiselivet i Flåm står bak. Skummar NSB no fløyten?

– Eg har høyrd at enkelte meiner dette. Men for dei som har sete tett på forhandlingane, så er situasjonen heilt annleis. Det har aldri vore NSB sin intensjon å skumme fløyten, seier Myhre.

– Vi ønskjer eit lokalt reiseliv som fungerer, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flåmsbana vinter

STRIDENS EPLE: Flåmsbana i Aurland.

Foto: Vidar Gudvangen / NRk

Avviser avslag

Styreleiar i Ausland Ressursutvikling, Ivar Bjarne Underdal, stiller seg undrande til NSB sin presentasjon av saka.

– Det er ein underleg måte av NSB å gå ut på. Vi har nemleg fått den veka vi no er inne i til å behandle avtaleutkastet frå NSB i styre og generalforsamling, seier han.

– De har forhandla med NSB eit heilt år no. Er det då så merkeleg at NSB må setje ein frist for eit endeleg svar?

– Vi har også ønskt oss eit svar tidlegare. Vi ville starte forhandlingane mykje tidlegare, og har bidrege til at vi kunne vore ferdige før. NSB sin frist har vore umogleg for oss å følgje, seier han.

– Så det betyr at Aurland Ressursutvikling ikkje har sagt endeleg nei til noko avtale?

– Vi har korkje sagt ja eller nei til noko avtale. NSB vil få eit endeleg svar frå oss innan 22. februar, seier Underdal.

Gullkanta for lokalt reiseliv

Medan mykje av reiselivssatsinga i Flåm har gått i minus dei siste åra, har Flåm Utvikling – som hentar mykje av inntektene sine frå Flåmsbana – hatt ei eventyrleg inntening dei siste åra. Flåm Utvikling er ein del av Aurland Ressursutvikling.

Bakgrunnen for dette er ein god avtale med NSB, der Flåm Utvikling har stått for marknadsføringa av Flåmsbana, mot at selskapet får alle inntektene. NSB har drifta Flåmsbana til kostpris.