Arkivfoto NRK
- Det betyr at veterinærar kunne risikere å køyre 20-30 mil for å kome fram til dei som treng hjelp, seier Njøsen.
- Staten strekt seg langt
Landbruksminister Lars Sponheim seier til NTB at staten har strekt seg så langt som mogeleg i forhandlingane. Njøsen seier at problemet ikkje var pengar, men at staten ville kutte talet på vaktområde. I dag er det 161 vaktområde. Njøsen seier staten ville at 98 dyrlegar skulle dekke heile landet.
Bøndene i skvis att
Bjarte Nordanger
Dermed er bøndene nok ein gong komne i skvis mellom staten og veterinærane. Leiar Bjarte Nordanger i Sogn og Fjordane Bondelag synest det er trist at det vart brot i forhandlingane. Han hadde rekna med at det no ville bli ein avtale, etter at bøndene i lengre tid har hatt store vanskar med å få tak i veterinær utanom vanleg arbeidstid.
- Til sjuande og siste er det vi bønder og dyra våre som må betale prisen for at veterinærane og Staten ikkje greier å bli samde, seier Nordanger.