Hopp til innhold

Brot i sjøkabel utanfor Feios

Eit sjøkabelbrot i fjorden utanfor Fresvik i Vik, har ført til problem for to basestasjonar i Vik og for Avinor på Sogndal lufthamn. – Vi har ruta om trafikken til basestasjonane og held no på med det same ved flyplassen, seier informasjonssjef Roald Orheim i Telenor. Brotet skjedde fredag ettermiddag, men dei veit enno ikkje noko om årsaka. – Eit kabelskip er på veg, og det vil vere på plass i morgon tidleg. Vi veit meir når vi har sett på kabelen, seier han. Orheim seier det også er ein annan feil i Vik som er uavhengig av kabelbrotet. – Denne feilen er vi i ferd med å utbetre no. Lufthamnsjef Jan Arve Strand ved Sogndal lufthamn seier dei har hatt analoge linjer som backup sidan fredag ettermiddag. – Vi har hatt naudløysingar etter brotet i fiberkabelen, og trafikken har vore mogleg å avvikle. Det har vore folk som har jobba med feilen sidan i går. Det er viktig at ting på plass før den store reisedagen i morgon, seier han.