Streik i byggenæringa i fylket

150 fagorganiserte i 15 bedrifter i Sogn og Fjordane er teikne ut i streik frå i dag tidleg.

Streikevakt

Illustrasjonsfoto

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Meklinga i lønsoppgjeret mellom Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening braut saman natt til tysdag. Dermed vert nær 21.000 fagorganiserte i 800 verksemder i bygg- og anleggsbransjen over heile landet tekne ut i streik.

Les også:

Streiken tredde i kraft ved arbeidsdagens start.

I Sogn og Fjordane er følgjande 15 bedrifter tekne ut i streik:

  • Bautas (5 organiserte)
  • Dale Rør AS, Førde (5)
  • Fjordbygg AS, EID (4)
  • Fretland Bygg, Lærdal (8)
  • HS Bygg, Stryn (14)
  • Kleiven Sogn, Årdal (15)
  • Unu AS, Vågsøy (6)
  • Veidekke Entreprenør AS (45)
  • Allbygg Florø Invest AS (13)
  • Nordblikk AS (Tidl. (H. Nygård AS), Flora (6)
  • Ole Petter Ovesen, Flora (1)
  • Skanska Norge AS (5)
  • Jon Strømsnes AS, Flora (3)

I tillegg kjem to verksemder som har ein direkteavtale med NHO. Desse verksemdene har til saman 20 tilsette.

Usemje om minstelønn

Heving av minsteløna har vore det store problemet i meklinga sidan Fellesforbundet overleverte krav til årets lønsoppgjer til Byggenæringens Landsforening, BNL.

Oddbjørn Aalen - Distrikssekretær i Fellesforbundet

KLAR FOR STREIK: Distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

– Når vi går inn i eit oppgjer så er det for å heve overreinskomstområda våre. I år kom vi ikkje i mål. Totalen vart for dårelg til sjuande og sist. Det er snakk om pengar: Minstelønn, grunnsatsar, verktøygodtgjerlse med meir, seier distriktssekretær Oddbjørn Aalen i Fellesforbundet Sogn og Fjordane.

Førebudde på streik

Han seier at streikande som ikkje alt har gått på jobb, ikkje treng å møte.

–Ta kontrakt med di bedrift og din klubb og fagforeiningen du er tilslutta, oppmodar Aalen.

Han opplever at streikeviljen er stor.

–Vi har brukt siste veka på å få ut streikemateriell. Dei er klare for streik i dei bedriftene som er tekne ut, seier distrikssekretæren.