Hopp til innhold

Brot i jordbruksforhandlingane: Småbrukarlaget trekkjer seg

Det er brot i jordbruksforhandlingane. Bondelaget held fram forhandlingane, men småbrukarlaget trekkjer seg.

Magnar Juklestad

BRYT: Magnar Juklestad i bonde- og småbrukarlaget synest det er fornuftig å bryte forhandlingane.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg trur det var rett å bryte forhandlinga, seier leiar i Sogn og Fjordane småbrukarlag, Magnar Juklestad.

Bonde- og småbrukarlaget trekte seg frå årets jordbruksforhandlingar fredag ettermiddag. Det var etter at Staten torsdag kveld heva tilbodet sitt frå 90 millionar kroner til 295 millionar kroner. Bøndene kravde i utgangspunktet 950 millionar kroner.

Samde fylkesleiarar

– Vi fekk eit nytt tilbod frå Staten i går kveld. Alle fylkesleiarar var samde om at tilbodet frå Staten var eit dårleg forslag og ikkje akseptabelt, seier Juklestad.

Han trur Bondelandet held fram forhandlingane i håp om å halde i land nokre fleire millionar til.

– Eg seier at dei få millionane dei får ut av forhandlingane vil bli brukt akkurat slik denne regjeringa har gjort heile vegen og det er ikkje til fordel for Sogn og Fjordane og ikkje fordel for kornprodusentane, seier Juklestad.

Planlegg aksjonar

Småbrukarlaget har allereie førebudd aksjonar og markeringar mot tilbodet frå Staten.

– I morgon blir det markeringar framfor Stortinget, og neste veke vil det skje meir, men mykje er uavklart enno, seier Juklestad.

Han trur ikkje at Bondelaget kjem til å halde fram forhandlingane lenge, og at jordbruksoppgjeret dermed vil bli opp til Stortinget å bestemme utfallet av forhandlingane.

Bondelaget opplyser at dei vil halde ein pressekonferanse klokka 15.30.

Leiar i Bondelaget i Sogn og Fjordane, Anders Felde, ønskjer ikkje å kommentere brotet før pressekonferansen er over.