Hopp til innhold

Brosvik ynskjer hjelp

Staten bør få på plass eigne ressurspersonar som rykker ut for å hjelpa kommunar som opplever akutte kriser. Det meiner ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Trude Brosvik
Foto: Randi Indrebø / NRK

Krisemøte i Gulen

Brosvik meiner det må opprettast eit statleg team som kan fungere som eit slags ”helse-kripos”. Seks veker etter at to tankar eksploderte på Vest Tank i Gulen er mange spørsmål framleis ubesvart.

Vanskeleg å administrere

Bygdefolket i Sløvågområdet lever framleis i frykt og veit ikkje kva som gjer at mange av dei er blitt sjuke. Fleire tilsyn og ulike organ jobbar med å finna svar. Det er kommunen si oppgåve å organisere dette arbeidet. Men det er ei krevande oppgåve for små kommunar med få tilsette i administrasjonen å klara denne omfattande jobben.

- Det er vanskeleg å ha oversikt over kven som gjer kva, og vite kva ein skal spørre etter, seier Brosvik. Ho trur det kan vere ein idè at helsedepartementet får på plass personar som kan reise ut og hjelpe kommunar i krisesituasjonar.

Ikkje meir byråkrati

Leiar i helsekomiteen på Stortinget, Harald Tom Nesvik frå Frp, har tidlegare sagt at det bør opprettast eit nytt statleg organ som kan hjelpe kommunane. Han meiner den uklare situasjonen i Gulen viser at det er trong for eit større apparat som kan hjelpa kommunar med organisering av etterforskingsarbeid.

Men det er Gulen-ordføraren usamd i. Ho trur eit nytt overordna organ berre vil bety meir byråkrati,.Det som trengs er nokre få fagpersonar som kommunane kan kontakta, seier Brosvik.