NRK Meny
Normal

Brosvik på plass i helse-styre

Helse Vest har no oppnemnd Trude Brosvik som nytt styremedlem i Helse Førde.

Trude Brosvik

NY I STYRET: Trude Brosvik blei vald inn i Helse Førde-styret i dag.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Brosvik tek over plassen etter Reidun Halland, som går av etter eige ønske.

Brosvik har lang fartstid som politikar, blant anna i Sogn og Fjordane fylkesting og som ordførar i Gulen kommune. I tillegg har Brosvik vore styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane i mange år.

– Trude Brosvik har mykje god erfaring som vi ønskjer å ha med oss det vidare arbeidet i Helse Førde, seier styreleiar Oddvard Nilsen i Helse Vest RHF.

Helse Førde HF er no sett saman slik:

  • Clara Øberg (Ap) – styreleiar
  • Jorunn Ringstad (Sp) – nestleiar
  • Trude Brosvik – styremedlem
  • Helge Bryne – styremedlem
  • Anni Felde (Sp) – styremedlem
  • Knut C. Schønberg – styremedlem
  • Harry Mowatt (Ap) – styremedlem
  • Valde av og blant dei tilsette:
  • Wenche Kristin Røkenes – styremedlem
  • Berit M. Johanssen Hornnes – styremedlem
  • Rune Larsen – styremedlem
  • Kjell Nygård – styremedlem
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser