Hopp til innhold

– Eg kan leve med ny avtale, seier fastlege som støtta reservasjonsretten

I dag tidleg kom nyheita om at regjeringa droppar forslaget om å la fastlegar reservere seg frå å tilvise kvinner til abort.

Trude Brosvik

IKKJE SNUDD: Vi har ikkje snudd, og ønsker framleis ei avtale som tek vare på både kvinner og legar, seier fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Dette er ei løysing som det ser ut som eg kan leve med, seier Helge Sårheim, som er abortmotstandar og lege i Florø

Han er ein av få legar her i fylket som har ønskt å nytte moglegheita til å reservere seg. Men no vert det ingen reservasjonsrett.

I dag slår abortlova fast at abort er sjølvbestemt fram til den 12. veka av svangerskapet. Fastlegen har ei plikt om å gje kvinna informasjon og å skrive under på hennar ønske om abort. Det er denne underskrifta dei såkalla samvitslegane har sett på som vanskeleg.

Kjelder har sagt til NRK at regjeringa no jobbar med eit forslag der fastlegar ikkje lenger skal skrive under på tilvisingar til abort.

Det nye forslaget inneber at kvinner framleis kan gå til fastlegen sin dersom dei ønsker abort. Forskjellen vert at fastlegane ikkje lenger legg fram eit skjema som må underskrivast og som dei deretter må sende til sjukehuset. Allereie i dag slår lova fast at kvinna kan gå rett til sjukehuset dersom ho ønsker ein abort.

Samstundes vert kravet til at legen må gje kvinna informasjon om sjølve inngrepet og kva rettar ho har skjerpa.

– Kan leve med dette

– Det ser ut som han her har funne ein fornuftig måte å løyse den store politiske nøtta på, seier Helge Sårheim.

Sårheim er abortmotstandar og lege i Florø og er ein av samvitslegane, som har ønska å nytte seg av reservasjonsretten. Han trur den nye løysinga vil vere bra både for kvinna og legen.

– Kvinnene vil framleis ha moglegheita til å kome til den legen dei kjenner aller best, nemleg fastlegen, og ha ei samtale rundt det uønskte svangerskapet. Men legen treng ikkje ta noko ansvar eller vere delaktig i den avgjerda kvinna tek, seier Sårheim

Han vedgår at dette er eit svært vanskeleg tema for han personleg.

– Eg har mine haldningar og mitt verdisett, og det kan kome i konflikt med det pasienten står for og det pasienten ønsker. Det er svært vanskeleg. Eg prøver å synleggjere mitt verdisett minst mogleg i samtale med pasienten. Eg har ei plikt til å ta vare på kvinna, men når det kjem til abort må eg også vere tru mot mine verdival, seier fastlegen.

– Vi har ikkje snudd

På ein pressekonferanse fredag valde nestleiar i Kristeleg Folkeparti (KrF) Dagrun Eriksen å leggje vekk ordet reservasjonsrett til fordel for ordet samvitsfridom. Heller ikkje KrF ville røpe om, og i tilfelle kva for ei, løysing dei har kome fram til med regjeringspartia.

Vi har ikkje snudd, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane KrF, Trude Brosvik.

– Vi har framleis denne avtala med regjeringspartia om at vi skal ta vare på to omsyn samtidig. Det er kvinna sine rettar og det er samvitsfridom for legane, seier Brosvik.

Fylkesleiaren var på landsstyremøtet til partiet i dag, og seier ho er sikker på at dei no skal kome fram til ei god løysing saman med regjeringa. Ho vil ikkje vere med på at den nye avtala vert eit plaster på såret for at dei ikkje fekk gjennomslag for reservasjonsretten.

– Vi treng ikkje eit plaster på såret. Vi er opptekne av å finne ei løysing som tek vare på både kvinna og legane. Så enkelt er det.

Men ho verken kan eller vil seie kva detaljane i avtala vert.

– Eg vil tru at dei fleste har sine tankar om kva ei avtale bør innehalde. Men eg er ikkje tett på forhandlingane, og vil heller ikkje spekulere i media på kva avtale vi kjem til å lande på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjørn Lødemel

SKAL FINNE NOKO BETRE: Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, seier dei var nøydde til å ta signala frå høyringa på alvor, og han trur den endelege avtala vert betre enn dagens lovverk.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Vi skal finne ei betre løysing dagens

Stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel, seier resultata frå høyringa er grunnen til at regjeringa går vekk frå reservasjonsretten.

– Vi har fått veldig klare tilbakemeldingar på at mange ikkje ønsker reservasjonsretten. Og det har vore eit veldig breitt folkeleg engasjement. Difor tykkjer eg det er flott at vi no går for å finne løysingar som tek omsyn til dette, seier Lødemel.

Svært mange kommunar har meldt at spørsmålet om reservasjonsrett ikkje burde avgjerast kommunalt, men heller vere eit statleg ansvar. Lødemel vil ikkje vere med på at det har vore dårleg sakshandsaming av regjeringa. Han grunngir det med at den omfattande høyringsrunden no har ført til at regjeringa går for ei anna løysing.

– Vi skal finne ei betre løysing enn den som er i dag. Kvinna sin rett til abort er det viktigaste og skal ikkje rokkast ved. Eg trur vi skal finne ei løysing som er god for alle partar. Både regjeringspartia og KrF har teke signala frå høyringa på alvor og går no får ei ny og god løysing.

Heller ikkje Lødemel veit kva tid den nye avtala kjem eller kva innhaldet i ho vert.

– Slik eg forstår det, vert det no jobba med ulike løysingar. Men eg har ikkje kunnskap til kva det går ut på. Eg ser berre det som står i media.