Hopp til innhold

Brosvik meiner regjeringa er tafatt

– Regjeringa er taus og tafatt som ikkje greier å hjelpe born av IS-krigarar i Syria, seier fylkesordførarkandidat Trude Brosvik i Vestland KrF til Aftenposten. Ho kritiserer dermed si eiga regjering. PST har tidlegare opplyst at det er minst 40 born med rett til norsk statsborgarskap i det tidlegare såkalla kalifatet i Syria og Irak. Brosvik meiner desse borna må hjelpast heim til Noreg. – Regjeringa bør seie at dette er vårt ansvar, for dette norske born. Vi må gjere det som er mogleg for å henta dei heim att, slik at dei får eit godt liv og ikkje blir straffa for det foreldra har gjort gale, seier ho.

Trude Brosvik
Foto: Oddmund Haugen / NRK