Hopp til innhold

Brosvik-effekten er vekk

Kristeleg Folkeparti blir meir enn halvert i Gulen, medan Senterpartiet gjer eit brakval.

Trude Brosvik

Dårleg valresultat for Trude Brosvik og KrF.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Trude Brosvik (KrF) har vore ordførar i Gulen sidan 1999, og ved valet i 2007 fekk partiet hennar 21,8 prosent av røystene. I 2011 er fasiten 9,2 prosent, og mykje tyder på at Senterpartiets Halvard Oppedal overtek ordførarvervet.

12,5 prosent fram

For Senterpartiet har om lag like stor framgang som KrF har tilbakegang. Med 12,5 prosentpoeng fram har partiet ein oppslutnad på 41,3 prosent. Både Arbeidarpartiet og KrF gjer sitt dårlegaste kommuneval etter krigen.

Her er valresultata i Gulen .

– Tok over konkursbu

Noverande ordførar Trude Brosvik er klar på at kommunen no får ny ein ordførar.

– Det blir det. Her er det klare tal og det skal vi ha respekt for, seier Brosvik.

Ho seier at KrF tok over eit konkursbu etter Senterpartiet då partiet hennar overtok for tre periodar sidan.

– No er økonomien i orden, men vi har gjort nokre tøffe tak undervegs. Eg trur det er slitasje i forhold til det som gjer det at valet gjekk slik i år. Eg håper berre at ein framover ikkje brukar meir pengar enn ein har, for då sklir det fort tilbake i gamle takter, seier ho.

– Kva skal du gjere no når ordførartida di er over?

– Det får vi no sjå på. Eg har jo ein jobb å gå tilbake til, det blir nok ei råd.

Kunne tenkte seg å halde fram

Brosvik legg ikkje skjul på at ho kunne tenkt seg fire nye år i ordførarstolen.

–Ja, absolutt. No er økonomien i orden og vi har meir handlingsrom. Det kunne vore veldig kjekt å vere ordførar den neste perioden.

Mistar alle ordførarane

Valresultatet i år tyder på at KrF mistar alle ordførarane i fylket. For heller ikkje i Luster og Selje ser det ut til å gå vegen for partiet.

– Ja, det ser slik ut dersom ikkje forhandlingar går i vår favør. Det er klart at for oss som fylkesparti er det eit dårleg val i forhold til posisjonar i kommunane.