NRK Meny

Brørne skal ikkje til retten

Tore Lyng håpar konflikten om eigarskapet i selskapet Torbas mellom han og broren Agnar, kan bli ordna opp i utanfor rettssalen. I går siterte NRK Fiskeribladet Fiskaren, som fortalde om ei konflikt mellom dei to i samband med at Agnar Lyng ønska å kjøpe broren ut av selskapet. Konflikten skulle ifølge Fiskaren ha enda i at Tore Lyng stemna broren for retten. Tore Lyng sin advokat, Morten Pind, seier til NRK at brørne har vore usamde, men at det ikkje har vore snakk om å ta saka til retten. Han seier han reknar med brørne ordnar opp i dette snart.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.