Hopp til innhold

Brør tiltalt for kidnapping av mor og søster

Politiet meiner brørne prøvde å tvinge mor si tilbake til far. No risikerer dei fleire år i fengsel.

Katrine Trønsdal

KIDNAPPING: Politiadvokat Katrine Trønsdal fører saka for påtalemakta når to brør står tiltalt for kidnapping av mor og syster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

For Sogn og Fjordane er det ei høgst uvanleg sak som måndag skal opp i tingretten. To menn frå eit innvandrarmiljø står tiltalt for å ha røva fridomen frå både mor og syster.

Blir mennene funnen skuldig, risikerer dei i yttarste konsekvens fengsel i fem år.

– Fridomsfrårøving kan omfatte mange ulike tilfelle av situasjonar, og i denne saka er det snakk om eit relativt alvorleg tilfelle. Iallfall når ein ser på dei truslane som er sett fram, seier politiadvokat Katrine Trønsdal som fører saka for påtalemakta.

Vart tekne med på biltur

Det var to kveldar på rad vinteren 2012 at mennene tok mor og syster på lengre ufrivillige køyreturar. Med bodskapen om at systera ville bli henta, meiner politiet at mennene lokka mora til ei ferjekai.

Her skal dei ha teke bilnøklar og mobiltelefonen frå henne. I to ulike bilar køyrde dei rundt om kring. Den eldste broren skal ha truga mor si med å:

– Helle syre i ansiktet hennar og at ho skulle døy dersom ho ikkje flytta tilbake til ektemannen, skildrar tiltalen.

Dagen før låste dei systera inne i baksetet på bilen og køyrde i timevis kring om, medan den eldste broren slo og truga med å både brenne og å sende henne attende til heimlandet.

– Objektivt sett ser vi på desse truslane som relativt grove, seier Trønsdal om den delen av tiltalen som går på truslar mot mor og syster.

– Ukjent med motivet

Det var ein av dei fornærma partane som først melde saka til politiet. Under etterforskinga kom det fram at begge var utsett for kidnapping.

– Motivet bak fridomsfrårøvinga av systera er ukjent for oss, seier politiadvokat Katrine Trønsdal.

– Bakgrunnen for tiltalen er at vi har gått gjennom bevis og kome fram til at det er forhold her som blir ramma av straffelova, seier advokaten til NRK.no.

Fridomsfrårøving føreset at ein person fysisk blir hindra i å bevege seg frå ein gjeven stad. Etter Høgsterett sin praksis må fridomsfrårøvinga ha eit visst omfang i tid, og det er lagt til grunn at lengre tid enn 45 minuttar kan straffast.

Eldstemann nektar skuld

Advokat Stig Nybø er forsvarar for den eldste broren. Han seier til NRK.no at mannen ikkje nektar for den faktiske hendingsgangen, bilturen, men at han nektar for at det skal ha vore snakk om tvang eller fridomsfrårøving.

Rune Totland er forsvarar for den yngste av brørne. Han seier til NRK.no at hans klient har vedgått skuld for fridomsfrårøving, men at han vidare nektar skuld for truslar.