Brør opplevde finalen på nært hald

Medan fleire hundre millionar følgde kampen på TV, sat tre brør frå Innvik mellom 87 695 tilskodarar på Wembley Stadium i London.

Såg meisterligafinalen på Wembley.

KLAR TIL KAMP: Brørne Stein Erlend, Karl Kristian og Ole Petter Hoff før kampstart på Wembley.

Foto: Privat

Med brørne Stein Erlend, Karl Kristian og Ole Petter Hoff frå Innvik på tribunen, vart Manchester United utspelt av spanske Barcelona under meisterligafinalen på Wembley stadium på laurdag.

– Det var heilt fantastisk. Stemninga var magisk. Det var ein «once in a lifetime»-oppleving, fortel Stein Erlend Hoff.

Mykje betre lag

Saman med brørne Karl Kristian og Ole Petter, som begge er Manchester United-supporterar, reiste han til fotballøya før helga for å få oppleve kampen på nært hald.

Sjølv er han Liverpool-supporter, men brørne hang ikkje med leppa etter 1-3-tapet for spanjolane.

– Eg trur vel at opplevinga i seg sjølv overskyggja det faktum at United tapte. Alle som har sett kampen veit at Barcelona var eit mykje betre lag, seier Stein Erlend.

- Gjekk i taket

Om stemninga vart elektrisk då Pedro Rodriguez gav Barcelona 1-0 etter 27 minutt. Tok det heilt av då Wayne Rooney utlikna for britane sju minutt seinare.

Såg meisterligafinalen på Wembley.

BERRE SMIL: Dei held med Barcelona, Manchester United og Liverpool, men går godt overeins.

Foto: Privat

– Det var vel akkurat det kampen trengte. Vi sat midt mellom United-supporterane og stemninga gjekk i taket, fortel Hoff. Wembley opna tre timar før kampstart. Hoffane frå Innvik var der ein time seinare. Både før og etter kampen var det god stemning.

– Etter kampen var som før kampen. Det er opplevinga som er det store her. Det var ikkje eitt tillaup til dårleg stemning blant supporterane til laga. Men det gjekk i spansk utover natta, ler han.