Hopp til innhold

Alt for Sogndal – og Otoo

SOGNDAL (NRK): Brørne Sven Ivar (7) og Tor Helge Skjerven (9) køyrer fleire hundre mil for å sjå yndlingslaget Sogndal. Sjølv ikkje sauene heime på garden i Vik slepp umerkte frå den store fotballinteressa.

Otoo og Sven Ivar og Tor Helge Skjerven

FAVORITTEN: Sven Ivar (på armen) og Tor Helge Skjerven får møta Sven Ivar sin store helt, Mahatma Otoo, før vestlandsderbyet mot Brann måndag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Otoo, kjem det kontant frå Sven Ivar Skjerven når han skal fortelja kven favorittspelaren er:

– Han er god og rask og pleier å skyta i høgre hjørne.

Og kanskje er det er nettopp det sjuåringen og storbror Tor Helge håpar skal skje denne kvelden – der dei står utanfor Fosshaugane Campus før vestlandsderbyet mot Brann – at Sogndal-spiss Mahatma Otoo skal setja ballen forbi keeperen og ned i høgre hjørne, slik at favorittlaget vinn kampen mot Brann, eit lag Tor Helge veit det er ekstra gjevt å tukta:

– Dei har mange supporterar og ein del gode spelarar òg.

Fleire hundre mil i bil

Dei to brørne er komne frå Vik i lag med pappa Helge Ivar Skjerven. I fjor vår fann han ut at han skulle ta med seg gutane på Fosshaugane. Etter den opplevinga er det berre éin heimekamp karane ikkje har fått med seg. Brørne er blitt så interesserte at dei denne sesongen òg har køyrt fleire hundre mil for å sjå favorittlaget:

– Me har reist på mange bortekampar og sett Sogndal spela mot Strømmen, Brann, Sandnes Ulf og Fredrikstad, fortel Tor Helge.

Men denne kvelden er det opprykksrivalen Brann som ventar, og dei to brørne skal til å gå inn på stadion då Tor Helge brått legg merke til kjende andlet i ein blå bil som køyrer forbi.

Gutar klare til kamp

KLARE TIL KAMP: Tor Helge og Sven Ivar Skjerven, saman med kameratane Gjøran og Magnus Stadheim Engesbak.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Eit møte med helten

– Det er Otoo og Sarr!

Brørne spring etter, og ut av bilen kjem Sven Ivar sin favoritt, Mahatma Otoo. Sogndalspissen bøyer seg ned og klappar gutane på kjaken.

– Det er kjekt at unge dei ser opp til meg og støttar meg. Eg håpar me gjer dei glade i kveld, seier ghanesaren, før han går inn i garderoben, og att står Sven Ivar.

– Korleis var det å møta han?

– Fint, seier Sven Ivar.

Så ruslar han og storebroren tilbake til pappa, som finn fram sesongkorta til gutane. Dei kjem seg trygt gjennom billettkontrollen, og vestlandsderbyet kan starta.

Saman, alle tre

Ute på fotballbana er det harde tak, men på tribunen sit to brør og ein far attmed kvarandre med kvar si svarte skuggehue og kvar si Sogndal-drakt. Alle tre er dei slukte opp av kampen, og alle tre hiv dei seg inn i den taktfaste klappinga.

Familien Skjerven klare til kamp

KJEKT I LAG: – Me kan køyra sju timar til ein bortekamp, og det er aldri eit ilt ord, seier Helge Ivar Skjerven, saman med sønene Tor Helge og Sven Ivar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Sjølv med høglytt støtte frå dei over 5200 på tribunen, ebbar fyrste omgang ut utan mål.

Men siger eller tap er ein ting – noko som har meir å seia for ein far, er å kunne reisa på kamp i lag med sine eigne søner. Slik er det i alle fall for Helge Ivar Skjerven:

– Det er frykteleg moro å vera på kamp i lag. Me kan køyra sju timar til ein bortekamp, og det er berre kjekt heile vegen og aldri eit ilt ord.

Lammet Lilly Otoo

Skjerven er storfebonde på Skjørvo i Vik, men har òg nokre sauer. Og då lamma kom i vår, slapp heller ikkje dei umerkte frå den store fotballinteressa.

Sven Ivar Skjerven og lammet Otoo

SVEN IVAR OG OTOO: Lamma på garden Skjørvo har fått namn etter fotballspelarar på Sogndal. Sven Ivar Skjerven held Otoo i armane, og bakgrunnen står Opseth, Sarr og Flo.

Foto: Privat

– Etter kvart som dei kom, blei dei døypte etter fotballspelarar på Sogndal. Me fekk ein del svarte lam, men problemet var at me fekk eit svart lam meir enn det var svarte spelarar på Sogndal, men det ordna seg heldigvis i sommar då Sogndal kjøpte éin afrikansk spelar til frå Viking. Så no har òg han fått eit lam kalla opp etter seg, smiler Skjerven.

Det fyrste lammet som blei fødd, var sauelam, men Sven Ivar visste råd:

– Han døypte det Lilly Otoo. Men han Otoo sjølv kom litt seinare, smiler Skjerven.

Kva ein lærar og materialforvaltar kan få til

Møtet med Mahatma Otoo utanfor Fosshaugane Campus, er ikkje fyrste gongen dei to brørne har fått møta helten til Sven Ivar:

– Sven Ivar hadde ei fantastisk lærarinne, Britt Valsvik. Ho såg at han gjekk i supporterutstyret sitt på skulen og kunne fortelja at ho kjende godt materialforvaltaren til Sogndal, Dag Martin Fardal. Og dermed blei det ordna slik at Sven Ivar fekk både Sogndal-skjorte og møta Otoo på Fosshaugane, fortel Skjerven:

– Det var stort for han. Då han kom opp att etter å ha møtt han, spurde eg om han var stolt. Ja, sa han, og eg såg berre tårene kom i augnekroken hans. Den natta sov han ikkje mykje.

Endeleg kjem Otoo

Andre omgang er i gang, og den mållause stillingskrigen mellom vestlandsrivalane held fram. Om Sven Ivar sit på tribunen og håpar på få sjå yndlingen Otoo, kan han gleda seg tjue minuttar før slutt.

Etter kampen Sogndal-Brann

ETTER KAMPEN: Tor Helge og Sven Ivar Skjerven har nettopp sprunge bort til Sogndal-spiss Kristian Fardal Opseth og sagt 'high five'.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Med den ghanesiske innbytaren på bana, festar Sogndal grepet. I sluttminuttane tuppar Otoo fyrst ballen i stolpen. Og berre sekund før dommaren blæs av kampen, kastar han seg opp i lufta og brassesparkar ballen mot Brann-målet.

Men ballen fer ikkje forbi keeperen og ned i høgre hjørne.

Dermed endar kampen 0–0. Det legg ingen dempar på reiselysta til Sogndal sine ihuga supporterar.

– Den neste bortekampen me skal på, er mot Hødd.

– Det er nokre mil og ferjer til Ulsteinvik?

– Det blir det, men me fer. Me få heim på garden og slå litt meir, så køyrer me, smiler Helge Ivar Skjerven.