Brør fengsla etter brann
To av dei sikta etter hotellbrannen i Selje er i dag varetektsfengsla for åtte nye veker. Den eine er administrerande direktør som har tilstått å ha sett fyr på hotellet. Fredag vart den tredje broren varetektsfengsla i åtte nye veker. I tillegg til brannstifting, er mennene sikta for økonomisk utruskap og grovt forsikringsbedrageri.