Det var først laurdag morgon landslagslegen gav Hjelmeset klarsignal til å starte. Gjennom heile veka hadde han vore plaga av den tilbakevendande lungesjukdommen. Men laurdag var han feberfri, og innvendingane frå legen stansa ikkje Hjelmeset, som seier han er i knallform.
Nye sponsorar
Dei gode prestasjonane i vinter gir Hjelmeset også nye sponsorar. Fleire har meldt seg for å støtte glopparen framfor OL-sesongen.
Klubbkameraten til Hjelmeset, Roger Aa Djupvik, vart nummer 36. Han var vel sju minutt bak vinnaren Andrus Veerpalu. Bjarne Nes gjekk inn til ein 50. plass.