Hopp til innhold

Endeleg stemte det - Holmberg tok bronse

Etter å ha kjent seg utsliten denne sesongen føler Henrik Holmberg (24) frå Vik at han endeleg har fått kroppen tilbake. I helga tok han bronse i NM i mangekamp.

Henrik Holmberg

NØGD: Under NM i mangekamp i Nittedal klarte Henrik Holmberg å sikre seg bronse.

Foto: Terje Målsnes

I tillegg til edelt metall rundt halsen fekk Henrik Holmberg òg to personlege rekordar i kule og spyd.

– Det er utruleg kjekt å ta med seg vidare. Øvingane i høgde og hekk vant eg, så det var utruleg moro, seier den ferske medaljevinnaren.

Ingen energi

Henrik Holmberg

KLAR: Med Vik Il på drakta er Holmberg klar til mangekamp-øvingane.

Foto: Terje Målsnes

Holmberg hadde i grunn store forventningar til sesongen, men trur sjølv han var utsliten.

– Eg hadde ingen energi og klarte ikkje få til noko. Så då tok eg meg rett og slett litt fri, fortel han.

Etter tre år med studie og trening i USA, har han no starta på Handelshøgskulen i Bergen.

– Her har eg funne ei gruppe som eg er med i og ein god trenar. Førre helg følte eg at eg hadde fått den gamle kroppen tilbake og at ting stemte, fortel han.

Berre for moro

Henrik Holmberg og Roland van den Tillaar

GOD TRENAR: Henrik Holmberg og trenar Roland van den Tillaar.

Foto: Terje Målsnes

Mangekamp-utøvaren bestemte seg difor for å køyre på mot NM i Nittedal denne helga.

– Utan store forventningar gjekk eg inn i konkurransen med låge skuldrer. Dette var i grunn berre for å ha det kjekt, og at eg då klarar å ta ei bronse var berre heilt topp, seier 24-åringen.

Han veit ikkje kva som har gjort at sesongen ikkje har blitt slik han hadde håpa. Men Holmberg trur det har blitt veldig mykje trening over lang tid. No har han fått nytt fokus og nytt håp.

– Det å møte på startstreken å føle at kroppen ikkje skal ta deg fram er ikkje noko særleg. Kroppen er eit mysterium. Ein kan trene mykje utan å få det til, men så slappar ein av og får alt til å stemme, seier han.

Nye mål

Henrik Holmberg
Foto: Terje Målsnes

Dette er første gong Holmberg deltek i eit NM i mangekamp. Sjølv hadde han sett fram til EM.

– Men det klarte eg ikkje. Så det var eg veldig skuffa over.

No ser han fram mot ein haust med trening i Bergen, og i januar startar innandørssesongen i mangekamp, og han har allereie sett seg nye mål.

– Neste år er det Universiaden i Sør-Korea. Det skal eg vere med på. Men det å kome til VM neste år ser eg på som langt opp. Vi får sjå.

Holmberg er i alle fall glad han fekk ei god avslutting på sesongen.

– Eg var litt skuffa over resultatet i stav i dag, men som sagt, så planla eg ikkje denne konkurransen før førre helg. Sidan det har eg hatt ei stavøkt. Det var litt av og på med motvind, så då vart det vanskeleg, fortel han.

Holmberg seier at hadde han hoppa rundt 4 meter så hadde han teke ny fylkesrekord, men er godt nøgd med helgas innsats.

Hnerik Holmberg

PÅ PALLEN: Henrik Holmberg frå Vik tok bronse. Martin Roe tok sølv og Lars Vikan Rise vant helgas konkurranse.

Foto: Terje Målsnes