«Den norske Speedy Gonzales» kallar avisa Ødegaard. Så kjem eit sitat som gjer at Ødegaard si veke som starta med landslagsuttak - nok blir endå betre. For den danske landslagslegenden Michael Laudrup, som trenar Brøndby, har følgjande å seia om Ødegaard:
- Dette er ein spelar eg kjenner godt - og det er ein svært god spelar.
Etterspurt
Det er salet av den svenske EM-spelaren Matias Jonson som gjer at den danske storklubben no blir med Rosenborg og Brann i kobbelet av klubbar som jagar Ødegaard. Og spelaren har sjølv ytra ønskje om å sjå seg om etter nye urfordringar.
Svein Bakke har ikkje høyrt noko frå den danske storklubben enno. (Foto: NRK)
- Har ikkje høyrt noko
Sportsdirektør i Sogndal Svein Bakke har ikkje høyrt noko frå Brøndby enno - og seier at det uansett ikkje er aktuelt å selje før sesongen er over. Men det synest meir og meir openberrt at Ødegaard reiser frå Sogndal ved sesongslutt - nedrykk eller ikkje. For no er den tidlegare så humørsjuke spelaren stabil. Det har resultert i ti seriemål for eit av dei dårlegaste laga i tippeligaen.