Hopp til innhold

Broen-stjerna trong ikkje lang betenkingstid på å takke ja

JØLSTER (NRK): – Eg takka ja med det same, seier danske Thure Lindhardt (43).

Henriette Marø (Engel Astrup), Thure Lindhardt (Nikolai Astrup) og Dennis Storhøi (Anton Fonn).

GIFTAR SEG: Scena der Engel Sunde (Henriette Marø) og Nikolai Astrup (Thure Lindhardt) gir kvarandre sitt ja, vart spelt inn i Ålhus kyrkje. Til høgre står Anton Fond (Dennis Storhøi).

Foto: Bård Siem / NRK

Då 43-åringen først vart kjend med Nikolai Astrup sitt liv og virke, forstod han raskt at dette var ein kunstnar han ville portrettere.

– Astrup var ein veldig, veldig stor kunstnar, og eit interessant menneske. I staden for å reise vekk, så valde han slå seg ned heime på Jølster og sa at her skulle kunsten gjerast, seier Thure Lindhardt.

Viktig bodskap

Thure Lindhardt

PASSANDE: Nikolai Astrup var av dansk slekt, såleis passa det bra med danske Thure Lindhardt i rolla som Jølster-kunstnaren.

Foto: Bård Siem / NRK

– I det ligg det ein viktig bodskap; ein treng ikkje alltid reise langt bort, men faktisk arbeide der ein er, legg han til og godt forstår Astrup sitt val.

– Det er heilt utruleg vakkert her, seier han.

Det er akkurat å reise langt bort Lindhardt har gjort for å fylle rolla til den vaksne Nikolai Astrup i Einar Loftesnes og Pål Øie sin dokudrama om kunstnaren, «Flammen over Jølster».

I heimlandet fekk dansken sitt store gjennombrot i 2000, som autistiske Brian i drammen «Her i nerheden». 43-åringen spelte seinare ei mindre rolle i oppfølgaren til «Da Vinci-koden», «Engler og Demoner».

Frå Broen til Astrup

For nordmenn flest er nok Lindhardt mest kjend som politietterforskar Henrik Sabroe i den dansk-svenske kriminalserien Broen.

– Dette er ei ganske anna rolle, og ei anna og viktig tid for Noreg og heile Europa. Dei store kunstnarane, musikarane og forfattarane dukka opp på denne tida, seier Lindhardt.

– Har du lært deg jølsterdialekt, eller snakkar Astrup dansk?

– Det er ikkje mykje dialog i filmen, men eg snakkar litt. Det blir ein variasjon av dansk, norsk og jølsterdialekt.

Storhøi som mentor

Dennis Storhøi (i midten), Miriam Aarset (17) og Otilia Sandal (15)

VIKTIG: – Du får truverd i alle bilete, miljø og omgjevnader i dette ufatteleg flotte landskapet. Det gir heilskap til heile historia, seier Dennis Storhøi, her flankert av statistane Miriam Aarset (t.v.) og Otilia Sandal.

Foto: Bård Siem / NRK

Lindhardt i rolla som Astrup er eit aldri så lite kupp for filmskaparane. I alle fall når filmen skal presenterast for utanlandske filmfestivalar.

– Vi ville ha ein god skodespelar, og det hjelper på med ein skodespelar av internasjonal klasse når du skal ha åtgaum i utlandet, forklarer produsent Einar Loftesnes.

I tillegg spelar Dennis Storhøi i rolla som skulemeister og Astrup sin mentor, Anton Fond.

Østfoldingen vann i 2015 Gullruten for beste mannlege skodespelar for rolla som Bjørn Henriksen i «Kampen om tungvatnet».

– Vi har fantastisk flotte skodespelarar framfor kamera, og eit veldig bra crew bak. Ikkje minst har vi mange jølstringar som stiller opp i fantastiske kostyme og viser bygda frå si beste side, seier Loftesnes.

Prisar lokale statistar

– Utan dei hadde ikkje dette blitt noko av, seier Dennis Storhøi om viktigheita av vel 250 statistane i tidsrette antrekk.

Store delar av filmen er spelt inn på Jølster no i sommar. Når innspelinga blir avslutta onsdag, står det att ein sekvens til hausten og ein del filming i utlandet.

Filmen blir å sjå i norske kinosalar neste år, men premieren blir neste vår i Jølster.