Prisvinnande verft kan få bøter på grunn av stengt veg

HYEN (NRK): Trenedfallet på fylkesveg 615 mellom Sandane og Hyen stenger vegen. Det gir skipsverftet Brødrene Aa tidstrøbbel.

Tor Øyvin Aa

TIDSTRØBBEL: Tor Øyvin Aa er daleg leiar for Brødrene Aa

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Før jul jobba vi dag- og nattetid for å få båten klar til levering i morgon. No må vi kanskje utsette til laurdag. I tillegg har vi tre båtar liggande på rekke og rad som skal leverast til gitte datoar, seier dagleg leiar Tor Øyvin Aa.

Kom seg ikkje på jobb

Det skal ikkje vere enkelt å komme seg til det prisvinnande verftet i Hyen. Den eine vegen vart berre slått av E16 i NRK-kåringa om Noregs verste veg . Siste dagane har vegen i andre retninga, mot Sandane, vore stengd på grunn av trenedfall.

Og vegstenginga har fått følgje. I går kom ikkje kring 50 av 200 tilsette seg på jobb grunna stenginga. Konsekvensen vart fleire hundre færre arbeidstimar på hurtigbåten «Elsa Laula Renberg» som skal i rute langs nordlandskysten .

Verftet kan også risikere dagsbøter ved for sein levering av båtar.

– Det er krevjande å miste ein dag når ein har kjempa slik for å halde tidsplanar. Vi har tette leveringstider, med levering kvar tiande veke. Stenginga får følgje også for dei to andre båtane som ligg i hallen, seier Aa.

Opprydding etter trevelt i Devik

OMFATTANDE ARBEID: Arbeiderane som skal rydde fylkesveg 615 har ein farleg og utfordrande jobb framfor seg.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Kan ikkje aksepterast

Fylkesvegen vart stengd 1. nyttårsdag då fleire grantre velta fleire stader langs vegen. Ryddearbeidet er krevjande på grunn av mengda, men også fordi fleire tre ligg over høgspentlina.

Statens vegvesen skal gjere ei ny vurdering fredag føremiddag, men mest truleg vert vegen stengd til laurdag. Omkøyring gir to timar lenger køyretid mellom Hyen og Sandane. Torsdag sette verftet opp båt.

Aa stiller seg undrande til at trenedfall skal føre til så store problem. Vegstrekkja har tidlegare vore svært utsett for snøskred.

– Dette bør ein ta tak i. Om det er linjerydding eller vegsikring veit eg ikkje, men at tre skal stenge vegane våre i fleire dagar kan ikkje aksepterast, seier Aa.

Svært krevjande

Torsdag ettermiddag opplyser Statens vegvesen at fylkesvegen mellom Hyen og Hestenesøyra i Gloppen vert mest truleg stengt til laurdag. Dei store rotveltene som ligg over vegen gjer ryddejobben vanskeleg.

Lars Erik Karlsen

VANSKELEG: Lars Erik Karlsen Er prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: NRK

– Trefall er farleg å jobbe med og vi må ta omsyn til tryggleiken til dei som skal gjere jobben. Det har vore mange ulukker i samband med slikt arbeid, seier Lars Erik Karlsen, som er prosjektleiar i Statens vegvesen.

No vert det jobba med å få på plass tyngre utstyr som skal gjere det lettare å få vekk dei mange trea som har rotvelta.

– Vi jobbar alt det vi klarar og set på det vi har folk og utstyr, seier Karlsen.